Kapitulasjon
Eg har kapitulert. Det er eit lite nederlag, og det sat svært langt inne, men no har eg betalt i dyre dommar for å trø meg våt av sveitte i eit rom med dårleg luft, dårleg musikk og 30 andre sveittisar. Eg har betalt kontigenten til SIB treningssenter.
Mitt forhold til treningssenter har vore ganske dårleg. Eg har ganske store fordommar mot fenomentet. Dei får du her:
1. Treningssenter fører til eit usunt ideal.
Dei aller fleste som trenar gjer det i hovudsak for å sjå bra ut. Det vil dei aller færraste inrømme, men påstå at det er godt å føle at ein har bruka kroppen og dessutan er det sunt. Og, ja det er sunt å bruke kroppen. Det er viktig å halde seg i form, særleg når ein har ein kvardag med mykje innesitting. Men treningssenter skapar eit eit sjønnhets- og sunnhetsideal som eg meinar ikkje er sunt. Slikt og slikt kosthald, slik og slik trening, slik og slik mage, lår og rompe. Ein kan bli gal i toppen av så mykje fokus på kroppen. Det er stor skilnad på å passe på å få seg litt mosjon i nye og ne, med eit litt-av-alt-kosthald og å bruke store delar av energien og tida si på å passe på å få i seg rett mengde vitaminar og næring og å forbrenne nok kaloriar. Provoserar eg? Overdramatiserer eg?
Det skal vera sagt at eg ikkje klandrar alle på treningssenter for å vera trenings- og sunnheitsnarkomane. Det veit eg at det ikkje er, eg går der då sjølv. Problemet er at ideen om at sunn & slank & lykkelig = trening & kosthald er blitt hypa på alle kantar, og treningssenter bygger oppunder nettopp det. Då kan det fort bli ein treningsmaní meir enn eit ynskje om å halde seg i form. Og det er ikkje sunt.
2. På treningssenter er det alt for stort motepress
Det var ein fordom eg ikkje hadde før eg kom dit sjølv. Mange spring rundt i perfekt sminke, og med treningstøy til langt over prisen det kostar å vera medlem, og med små t-skjorter som ser ut som er på kanten til å rakne grunna all muskelpumpinga. Så kjem eg, loffande i min holete joggebukse og med åtte år gamle kunstgrasbanefotballsko og føler meg ganske out of place. Men eg gidd ikkje bruke hundrevis av kroner på å rette meg etter treningssentermotar. Eg skal då bli sveitt og sjå grusom ut likevel.
3. Treningssenter er kjedeleg.
Tenk å betale for å trø og trø, eller springe og springe, og ikkje koma av flekken! Pumpe og pumpe. Eg minnest styrketimane frå gymen som dønn kjedelege, og ser ikkje for meg at treningssenter er så mykje betre. Og atpåtil betale for å gjera det! Skal ein trene så kan ein jammen gjera det på moromåten: Danse, klatring, fotball eller anna lagsport. Sykle på tur, gå til fjells, invistere i ein kaiakk og padle på fjorden. Det er mange moglegheitar som er mykje artigare, og der ein trenar mykje meir enn berre musklane. Ein får koordinasjon, ballanse, kondis, styrke og uthaldenheit på ein-to-tri. I tillegg må ein bruke hovudet mykje meir, ein får frisk luft og det kan vera veldig så sosialt.
Men no sit eg her då. Nydusja og sliten etter å ha trakka meg gjennom 30-40 minuttar på Vektertorget, medan den splitter nye sykkelen står og kjedar seg i kjellaren. Kvifor, spør du kanskje?
Fordi det er enkelt. Møte opp, gå på timen. Få beskjed om å skru opp styrken, sykle ståande, sykle sittjande, opp igjen, "kom igjen - me klarer litt til - berre 40 sekundar att" (gruppepress fungerar!), tøye ut og hadepåbadet. Og ein blir sveitt - veldig sveitt.
Det er enkelt, for ein slepp å tenkje på veret. Inne er det verken regn, ruskever, motvind eller haglbyger, som ikkje er noko uvanleg vestlandsfenomen på denna årstida. Det er heller ikkje is eller sno som kompliserar utesykling om vinteren.
Det er enkelt, for ein kan bruke eit par timar (det kjem ann på kor lenge du endar opp i kø) om kvelden til å trene på, medan resten av dagen går til andre ting. Det skal meir viljestyrke til å mosjonere eit par timar ute i mørkret om kvelden enn inne i eit hus.
Men mest av alt er det motiverande. Det overordna målet er å koma til Gibraltar. Det underordna delmålet er å sykle opp Fløyen, helst med bagasje. Frykten for det nederlaget det er å måtte gå av sykkelen, har fått meg til å utsette forsøket fleire goner, men etter jamleg trening på innesykkel trur eg nok det skal gå bra når eg først trør på. Så når eg sit bøygd over styret, sveittande og pesande, i eit dårleg ventilert rom som eg delar med 30 andre like sveitte og pesande medsyklistar, ser eg for meg toppen av Fløyen eller Gibraltarklippa, og då trør eg på endå litt meir. Eg gledar meg til sykkeltur!