Estoy en Lima (en español)

Les cuento que ya estoy en Lima. Llegé el lunes pasado en la noche y me esperó un taxista que me llevó a un departamento de Kusi Wasi en Miraflores donde me quedé unos dias. Ahora estoy en otro departamento donde voy a vivir el medio año que estoy en Peru.

Todavia no conozco mucho de Lima. He visto Miraflores - la parte mas turistica - y ahora vivo en San Isidro que es la parte mas rica y donde estan localisado la mayoridad de los bancos. Todavia no he visto el verdadero Lima.

El lunes que viene comiensa mis clases de español y voy a tomar el curso por cuatro semanas. Luego quiero ir a Brazil en la empieza de agosto. Todavia no se cuando puedo ir a Santa Cruz pero seguro que iré!

Fyrste møtet med Lima


No er eg i gong! Etter to lange dagar med flyplass, flysete og flymat kom eg meg endeleg på peruansk jord. Då var klokka eit om natta og flyet var tri timar forsinka. På flyplassen blei eg henta av ein sjåfør som køyrde meg til ein leiligheit Kusi Wasi har i Miraflores. Miraflores er den mest turistiske og livlege delen av Lima, men her blir eg ikkje verande lenge, for så snart rommet mitt i Javier Prado blir ledig så flyt eg dit. Det blir på torsdag.

Det er i grunnen alt eg veit. Dei neste dagane skal eg bruke på å finne ut litt meir.

Ei odontologisk oppleving

Omtrent slik som på biletet såg visdomstanna mi ut i går: Med ein 45 graders vinkel stanga den nye jekselen beint inn i sida på grannetanna, og kunne ha ført til store smerter dersom eg ikkje fekk gjort noko med det.

Det er ganske upraktisk å måtte trekke visdomstann to dagar før eg reiser til Peru. Særleg når det tek tri kvarter å koma seg til tannlege Arnfinn på Rauland i første omgang. Men sidan alternativet var å gå til ein framand, spansktalande peruansk dentista med uviss kompetanse, så var valet i realiteten ikkje så veldig vanskeleg. No viser det seg at eg likevel må helse på ein peruansk tannlege, for no har Arnfinn henta fram kunnskap frå tekstilen (og sikkert odontologistudiane) og brodert to sting, så fint han kunne, nede til høgre i gapet mitt. Men å fjerne to sting må ein vel rekne med at går smertefritt i Lima òg.

Å fjerne tanna klarte Arnfinn greit. Eg streva litt meir der eg låg i tannlegestolen og måtte halde meg for ikkje å le, for eg har alltid synest at synet av fire nevar og utallige instrumet som er på veg ned i gapet mitt er ganske komisk. Når høgre kjeve nedbedøvd og kjeften er full av nemde framandelement er den klassiske latteren litt vanskeleg å få ut, og fører i staden til risting i kroppen og rare lydar. Det fører til at eg ser meg sjølv med fire nevar og eit mangfald av instrument i kjeften ristande i tannlegestolen, og det gjer ikkje situasjonen så mykje betre.

Eg kom meg gjennom det òg. Eg kan vera glad eg ikkje har tannlegeskrekk i alle fall.

Flyttinga er i gong


Det er mykje som skal gjerast før ein kjem seg ut av landet. Til dømes å tømme uphilskåpet, ettersende lånekassepapir, sikkerheitskopiere pc'en og bruke masse pengar på ting og duppedittar som ein MÅ huske å ha med seg. Også flytting så klart. Akkurat no ser stova vår ut som ein bomba slagmark fordi eg og Ranveig er midt i ein rombyttingprosess.

Det som er kjekt er at eg får bu i same leiligheiten når eg kjem tilbake til Bergen på nyåret. For dei som er kjente i leiligheiten så treng eg berre å overta Ranveigs vesle krypinn, medan rommet mitt blir Ranveigs eller det blir leigd ut.

På torsdag kjem mor med ein bil, slik at eg får med meg alle tinga til mellomstoppen heime i Vinje. Då er det farvell til Bergen for i år. Det er litt trist.