Ein laurdag i slutten av september

Fjøllet rødmar, lauva gulnar, tyteberi har funne plassen sin på tuva og sauene jafsar i seg dei siste grastustane på jordet medan dei siste trekkfuglane gjer seg klar for avgang til Syden.


Alt startar klokka seks om morgonen. Ute er det mørkt og kaldt og inne riv vekkjeklokka trøytte tryne ut av søvnen. Ein leikar ikkje jakt - her skal ein starte tidleg. Med ull innerst, brødskive i magen, nyste og varm saft (for dei av oss som ikkje kan drikke kaffi) i sekken og regnkleda parat troppar dei ivrige jegarane i Vine Jaktlag opp utanfor slaktehuset på Vesås.


Me troppar som vanleg opp ein halv time for seint. Som regel gjer det ingen ting, for Vinje Jaktlag er ikkje gjengen med mest turbo i beina, når det er snakk om å koma seg fort ut om morgonen. Elgen reiser ikkje sin veg, den. Denna morgonen, derimot, var den første elgen skoten før me hadde kome oss ut av bilen. Det gav mot og pågangslyst, og ikkje før me hadde fått sagt "refleksvest" tri gonger så var postrekkja på veg til Gauksland.


Drivarane (slike som meg, som av ulike grunnar ikkje har rifla og skyteløyvene i orden) startar som vanleg dagen med å ta ein kopp varm saft (eller kaffi for dei som kan drikke det) og gløtter mot dei grå skyene som snik seg oppetter dalen. Blir det regn før det første drivet? Bør ein ta på seg regnbuksa? Lulla har si i bilen, så då tek ikkje eg på meg min heller. Me puttar oss i bilane og køyrer til vestsida av Vinjevatn der me plasserar oss i ei bein linje oppetter lia. Med vinden i ryggen gjer me oss klare til å drive nordover.


- Då er Gaukslandsdrivet til Vinje Jaktlag i gong, seier drivaren som fekk gå øvst i lia, over jaktradioen. Brøla og gaula som høyrest i dei neste sekunda tyder på at resten av drivarane forstod meldinga. Med dei nye refleksvestane, som er siste lovpålagde mote i jaktmiljøet, gjeng me i bein line gjennom skogen som sjølvlysande Mesta-arbeiderar, og lagar så mykje låt som mogleg. Me let ikkje for at elgen skal bli skremt, men for at me skal kunne vite kor langt me er frå dei andre drivarane. I jakta tek ein fram denna eldgamle kommunikasjonsformen. Utan ord. Utan innhald. Berre brøl. Og så kom regnet.


Litt over halvvegs i drivet smell det. Først ein gong. Så ein gong til. Ei stund er det ingen som ropar. Kjem det eit smell til? Traff han? Var det ein elg? Eller hjort? Kven skaut? Seier nokon noko på jaktradioen snart? Drivet held fram - det kan då vera fleire dyr i området. Framme på post får me melding om at elgen er funne i ei myr ikkje langt i frå Svartedal.


Og der ligg han, stuten. Han hadde deisa i bakken, med tunga ute, etter å ha sprunge eit stykke, dødleg såra av to kuler i hjarte- lungeregionen. Etter å ha stått i ring og beudra fangsten ein halv times tid (ein har ikkje dårleg tid i Vinje Jaktlag) dreg dei store og sterke karane elgen med seg ned til køyrbar veg.





Så ber i kollonne, med elgen på hengaren, oppatt til slaktehuset. Sjølv om det framleis dryp i frå himmelen, blir det tradisjonen tru bål med steikt flesk denna jaktdagen òg. Klokka er ikkje meir enn halv to, så me rekk eit driv til. Denna gongen klarer elgen å snike seg forbi to postar utan å bli truffe. Heldig med den. Me tek han neste helg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Her sitter 3 generasjoner av Gunhild den Förstes kvinnelige etterkommere og leser om en annen etterkommers blodige bragder.Det ser fælt ut for den stakkars elgstuten, men det er glemt når den serveres med en fortreffelig flötesaus paa kjökkenet på Jori ! Har du begynt på nye studier eller tjener du fremdeles grovt på jobb? Her er alt bra med store og små og vi ser vinteren med fatning i möte. Liva vel! Sunniva, Gunhild 2 og Maria