Dei som skulle støtte prosjektet til min tidlegare arbeidsplass, klarte aldri å bestemme seg om dei skulle støtte det eller ikkje før kontrakten min gjekk ut. Dermed kan eg no titulere meg sjølv arbeidsledig.
Det er ei ny oppleving. Dei første dagane var det ganske flott å ikkje måtte stå opp klokka sju kvar dag og sykle att og fram til Minde gjennom storm og ruskever. Endeleg fekk eg tid til å gjera haugevis med ting eg ikkje hadde fått gjort. Men korleis var detta i samsvara detta med planen som eg hadde lagt i juni?
PLANENDRING
Planen min i sommar var at eg skulle finne ein super-relevant jobb og arbeide der i eit års tid, og så ta master. Eller, dersom arbeidet var veldig kjekt ville eg kanskje ikkje ha bruk for master i det heile teke.
Planar er til for å endrast, og denna er ikkje noko unntak. Eg posta søknader hit og dit og stilte opp på intervju der dei ville høyre meir. "Du er intreressant, berre dumt du ikkje har denna masteren" var omkvedet frå dei potensielle arbeidsgjevarane. Eg tok hintet med meg i tenkteboksen, og kom ut att med ein ferdig utfylt søknad til opptak på master i geografi ved Universitetet i Bergen. Dersom eg kjem inn blir det tilbake til pensumpugging , eksamenstress og ein litt meir sosial kvardag frå og med januar. (Så sant ikkje draumejobben fell ned i hovudet på meg, men det ser mørkt ut; det einaste som fell ned i Bergen for tida er vatn i form av regn, sludd og sno).
HVA GJØR MAN DA?
Så då stod eg her, då - arbeidsledig i to månader. Då stilte eg meg same spørsmål som kongen gjorde den gongen han blei servert graut med ein heil aure flytande oppå, og berre ei skei å angripe måltidet med: Hva gjør man da?
Jau, ein brukar opp alle dei pengane som ein ikkje lenger tener. Så reiser ein til Manpower og seier "Hei, eg er arbeidsledig i to månader, kan de hjelpe meg". Ein tek haugevis med testar for å vise kor flink ein er til å skrive fort på tastaturet og kunnskapar i word og excel. Det har framleis ikkje gjeve noko særleg resultat i form av inntekt og ting å fylle dagane med.
I staden lot eg meg overtale av ein samhjelpekorpser til å vera markør for Falck Nutec, der ein arrangerar sikkerheitskurs for folk som skal på platform eller båt i Nordsjøen. Dermed får eg betalt for å bruke fire timar eit par dagar i veka til å ha pulsåreblødning og å vera medvitslaus. Er ein på Nutecs base på Sotra kan ein risikere mykje festligare skader, som knust lår, brannskader, meterhøge flammer og oppklypte klede.
SUMA SUMARUM
Konklusjonen av å vera arbeidsledig er at det eigentleg ikkje er så verst. Fleksible dagar, meir sosialt liv og tid til å gjera litt av kvart trekkjer oppover. På den andre sida kan det bli litt kjedeleg i lengda, og litt slitsomt å ikkje vita kva ein skal gjera neste dag. Også var det detta med inntekta då...
Stay tune for å sjå kva Signe finn på dei neste vekene!