Nytt eventyr under planlegging
Etter å ha reist på lengre turar med dei fleste motoriserte køyretøy, bortsett i frå helikopter, var det eigentleg ikkje så veldig vanskeleg for Ingvild å overtale meg til å bli med på sykkeltur til sommaren.
Turen går i frå Lindesnes til Gibraltar, men akkurat kvar reiseruta ligg er ikkje planlagt endå. Ingvild er ein erfaren langdistansesyklar. Ho har lagt både store delar av Asia, og Noreg på langs under to hjul. Eg derimot, er berre vand med å sjangle meg avgarde til og frå arbeid på ein gamal, rusta sykkel som ber alt for stort preg av dårleg vedlikehald. Derfor seg er fram til turen både med frykt og forventing.
Tenk så koselig det blir å trakke rund i pannekakeland Danmark, eta würst i Tyskland, sykle langs vindmøller i Nederland og svinge innom små idylliske landsbyar i Frankrike! Kanskje me vil ein tur til Sveits? Pese seg alp opp og trille alp ned. Sove i telt. Sveitte. Lite dusjing. Punktering. Mat på primus. Helse på kjenningar på vegen. Gnagsår i rompa. Skiftande landskap. Nye opplevingar. Tenk når det blir regn? Eller om det blir varmebølge? Tenk om eg ikkje orkar å halde følge med super-sporty-sykkelvande Ingvild? Tenk om eg må bite i det sure eplet og trille sykkelen medan Ingvild målretta trør opp til toppen?
Det er mykje å tenkje på. Akkurat no tenkjer eg på to ting;
1. Detta kjem til å bli BRA!
2. Eg manglar stort sett ALT av utstyr.
Dersom nokon har lyst til å koma med tips (reiserute, utstyr, hugseliste, postadresse (til postkort) osb.), eller rett og slett ynskjer å seia god tur, så er det berre å gje lyd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar