Tambogrande
Denne meldinga kjem frå den skikkelege felten. Frå bygda, bondelandet, det rurale, Tambogrande.
Tambogrande er ein liten by halvannan time frå Piura med buss, der dei aller fleste er på eit eller anna vis knytt til landbruk. Og dei fleste bøndane har ein eller fleire hektar med mangotre, noko som passar meg veldig bra, for alle som eg snakkar med kan dermed eit eller anna om mango.
Det fins mangobøndar i alle storleikar, frå dei store bøndane med fleire hundre hektar til småbøndar som må greie seg med 1-5 hektar, og alle i mellom. Eg brukar tida mi til å putre rundt bakpå ein motorsykkel og snakke med dei minste bøndane. Det er eigentleg ganske koselig, sjølv om bakenden ikkje er like vand med motorsykkelferdsel på humpete vegar. Han som køyrer motorsykkelen er min asistent Hérnan. Han arbeider delar av året i ein mangopakkefabrikk som tanta til Miguel har, og det var ho som tipsa meg om at han er ein påliteleg fyr. Og det hadde ho heilt rett i.
Bøndane me møter på vår veg er som regel veldig venlige og svarar så godt dei kan på alle dei rare spørsmåla som denne gringaen stiller på halvgodt spansk. Det hender dei trur eg kjem frå eksportbedrfiter eller utviklingsorganisasjonar, og då blir dei med ein gong skeptiske og lurar på kva eg vil vite, kva eg skal bruke svara til, og kva får dei att for å svare. Så fort eg forsikrar at eg ikkje kjem til å gje dei nokon ting som helst, så roar dei seg og let seg intervjue. Dei er alltid bekymra for å bli lurt og ikkje få det som blir lova, så når eg lovar at dei ikkje får nokon ting frå meg, så har dei heller ikkje noko å miste
Biletet er frå mangohausting for eit par veker sidan. Stigen er eit av dei mest avanserte hjelpemiddela dei har.
1 kommentar:
Mango! Dæven, kult ass. Det høres ut som du lærer mye.
Legg inn en kommentar