No tenkjer eg de har venta veldig på å høyre nytt frå den vesle sju-millionsbyen på stillehavskysten. Eg har ikkje skrive så mykje i det siste av to årsaker:
1. Har ikkje hatt tid for det skjer ting heile tida
2. Det som har skjedd har ikkje vore noko spesielt, men type: reiste på unviersitetet, gjorde lekser, møtte venner.
Dermed. Lite nytt = lite posting. Men no skal eg prøve å gjera ein innsats.
Eg har det i grunn bra fort tida. Eg har godt med pengar, gode venner, straum i huset og ein kurert mage. Det einaste eg verkeleg er i manko av er tid. Eg har ein misstanke om at klokka gjeng dobbelt så fort her nede, eller så har døgnet krympa ned til 20 timar, for no er det snart oktober! Oktober, november, desember og that's it. Chau og adios Peru. Ein kan bli stressa av mindre. Det som tek mest tid er universitetet. Her er det innleveringsoppgåver, deleksamenar, obligatorisk oppmøte og framføringar i eitt sett. Tysdagar og torsdagar er dei lengste dagane, for då har eg tri forelesingar, og den siste sluttar klokka sju. Det eg har lyst til å gjera er å reise. Sjå Cuzco (Machu Pichu), Iquito (jungelby), Arequipa (sud), strendane i nord, Bolivia, gå på tur i la Cordillera Blanca...you name it! I staden bli eg hengande på la Catolica i Lima veke etter veke, helg etter helg.
Universitetscampus er stor og grønn, med fakultet spreidt rundt om kring, eit par dådyr som bur i rosehagen og ein haug med ekkorn som av og til snik seg inn i ein av dei tri kafeane. Der serverar dei forrett, hovudrett, dessert og drikk til under 12 kroner. Vil du berre ha hovudretten og drikka så kostar det deg 8 kroner. Her har SiB verkeleg noko å lære! Maten er gjerne ris OG potet med kjøtt, kylling eller fisk. Ikkje det mest spenannde i verden, men det glir greitt ned. Det smakar ikkje lort, som det blir sagt. Dessutan er universitetsmaten klinisk rein, så det er ingen fare for å bli særleg dårleg av maten der i garden.
Apropos dårleg mage: Eg kan fortelje at det ikkje blei nokon trehoggetur. Det har eg skrive om i studvestbloggen, men eg nemner det her òg. Eg blei sittande fast i Lima fordi eg åt ein omelett. Er det ikkje typisk at den einaste gongen eg har blitt seriøst dårleg av mat, så var det ikkje noko halvskummel suppe kjøpt på ein småskitten restaurant, men ein omelett laga på mitt eige kjøkken av egg kjøpt på byens finaste butikk. Dermed måtte Hanne og Brando dasne seg rundt trea i Huancayo medan dei svinga øksa utan meg, men eg har i det minste ein god grunn til å koma tilbake til neste års fest!
Ellers så må eg siea at det var moro å sjå Karen i sving med såpevann og skrubb.