Våre venner turistane var på fest

Eg har nok ein gong kome meg ut av Lima for å trekke frisk luft og få rista av meg litt støv. Målet var den bittevesle landsbyen Chipao i fylket Ayacucho, fire timar frå den nærmaste asfalterte vegen, 15 timar frå Lima. Frisk luft var det mykje av i Chipao, sjølv om 4000 høgdemeter gjorde han noko uttynna. Støvet, derimot, blei eg ikkje kvitt. Det er tørt fortida i dei peruanske andesfjella.

Bakgrunnen til at me reiste til akkurat Chipao var at ein venn av Hanne kjenner ein doktor frå Chipao. Doktor Dante og familien hans bur og arbeider i Lima, men dei er opphavleg frå Chipao. Dei siste åra har dei starta opp att ein gamal tradisjon om å lage landsbyfest for å feire fleire ulike ting. At regnet snart kjem så ein må vaske vassrennene var hovudårsaken til festivitasen, men det blei og gjort stas på osten, med prestisjefylt ostekonkurranse.

I den samanhengen blei me invitert til landsbyen, og behandla som kongar heile helga. Me (eg, Hanne, ein tysker og tri peruanarar) gjekk under kallenamnet "Våre venner turistane" heile helga, blei spandert på med mat og drikke av familien til Señor Dante og guida frå klokka fem om morgonen til eitt om natta. Dei viste oss planter som blomstra ein gong kvart hundrede år, før-inkaske ruinar, teppeveving (som er manneyrke her i Peru) og bada i kvarme kjelder. Folk blei veldig ivrige med å snakke quechua med meg då dei fant ut at eg tek quechua på universitetet, men dei blei skuffa då dei fant ut at eg faktisk ikkje forstod eit kløyva ord.

Også fekk me med oss Festen, så klart. Hovudhendinga på festen var saksedansen. To dansarar oppkledd i rare klede hadde med seg ein fiolinist og ein harpespelar på kvar. Dansarane dansa på skift, og det var om å gjera å danse mest spektakulært. Dansinga starta klokka ti laurdagskvelden og stoppa i åttetida søndag kveld, berre avbrote av ei kvilepause på fem timar på morgonkvisten. Etter kvart som timane gjekk utvikla dansen seg frå å hoppe rundt på tåspissane, til å bera ungar med kjeften og ta i mot kaktusar med brystkassa. Heile spetakkelet blei avslutta med at dansarane slengte seg ut frå eit digert tre. Ingen skader denna gongen heller.

Ellers så var det ostekonkurranse, som eg skreiv. Våre venner turistane (oss) blei utplukka til å vera dommarar, sjølv om me kunne særdeles lite om andinske ostar. Ikkje er eg særleg glad i ost, heller, men det var ganske artig å stå å prøvesmake medan hundrevis av damer med flette og hatt venta i spenning. Vinnaren fekk ei gryte.

Ostekonkurransa og dansetevlinga var ikkje den einsta som blei kjempa om. Ei anna konkurranse var å dekorere den finaste hatten med den lokale floraen. Rektig så fine blei hattane. Berre sjå:

Ingen kommentarer: