Feil fots dag

I går var det ikkje min dag. Ikkje i det heile tatt.

Førs stod eg opp. Trøtt. Og måtte krangle med dassen, for han er ikkje noko glad i å dra ned. Ikkje rart det er vassmangel i denna delen av verda, så dårlege doar som her er!

Så fant eg ut at eg ikkje hadde nokon reine klede. Og dei kleda som var reine var våte, fordi eg satte i gong ein vask kvelden før. Dermed måtte det vaskas og tørkast.

Neste prosjekt var frukosten. Då måtte eg ha ein kniv, men det var ingen reine knivar og kjøkkenbenken kunne ein omtrent ikkje få auge på under gryter, fat, koppar og bestikk. Alt innsausa i ein eller annan rest (ikkje forstår eg korleis det er mogleg å få til så mykje oppvask når ein ikkje ein gong kan bruke komfyren- slangen mellom gassballongen og komfyren har vore lekk. Han er bytt no.). Måndag er dagen Rosa kjem for å vaske huset. Eg synest det var flaut å gje ho tårnevis med oppvask i tillegg til å vaske do, gulv, stoge, kjøkken og alt. (Probleme med hushjelp er at så for eg har lyst til å vakse noko sjølv, så anar eg ikkje korleis fordi Rosa har sitt vaskesystem og alle såper og vaskemiddel på kolaflasker) Uansett så sette eg i gong med å vaske oppvasken.

Då eg, etter ti minut, var ferdig med bestikk, skåler og halvvegs i gong med koppane ringte dørvarkta. Han sa at straumen blir kutta fordi Jorge (huseigaren) ikkje har betalt rekninga.

Eit minutt seinare var det mørkt. Vaskemaskina stoppa. Tørketrommelen stoppa. Kjøleskapet soppa. Internett stoppa. Varmtvatnet stoppa. Fjernsynet stoppa (men det bryr eg meg ikkje noko om). Jorge er på tur og Virginia (som arbeider litt for Jorge) er sjuk. Hipp hurra! I tillegg kunne eg ikkje sende melding frå mobilen, og hustelefonen virkar berre dersom ein ringer til andre fasttelefonar.

Planen var å sende e-post frå universitetet. Men i det eg kom til datasalen, tok datasalmannen lunsjpause.

Quechuaklassa halta eg meg gjennom. Og klokka to var det tid for lunj. Men all lunsjen var utsolgt, bortsett frå den dyraste maten (som ikkje var noko god). Dessutan var det ustyrteleg vanskeleg å seia ein einaste setning spansk korrekt.

Tilbake i heimen måtte eg berge kleda som framleis låg i vaskemaskina og vaske dei opp for hand. Så dildra eg meg til med stearinlys og lommelykter med dårleg batteri for å få gjort litt arbeid. Ein liten opptur kom då eg blei invitert på middag av mine to koreanske sambuarar (no har me bytta ho franske med endå ei frå korea). Koreansk mat er god mat :-)

I tillegg streva eg med eit ganske stort underskot av søvn frå helga og ein gryande forkjølelse. Noko som får små, ubetydelege detaljar til å verke som enorme problem som berre er til for å få meg endå meir irritert. Kort lunte heiter det visst.

Virginia lova å gjera det ho kunne for at me skal få straumen tilbake i dag. Dersom eg ikkje kan ta ein varm dusj når eg kjem tilbake i natt så blir det opprør, for no renn kjøleskapet utover heile gulvet.

1 kommentar:

Elin sa...

Det æ på slike dagar ein mistar litt motet..... Men EG Æ GLA I DEG, tuppa ;) hehe. Nuz