Framtidsutsikter
Det er ikkje greit å skrive blogg når ein har både spansk-, engelsk- og norsktalande lesarar. Det greiaste hadde vore å berre skrive på engelsk, men då kjem eg til å avsløre meg sjølv om ein frykteleg dårleg engelskskrivar. (No skal eg ikkje skryte av at eg skriv feilfritt norsk eller spansk, men i spansk har eg lov å skrive feil og på norsk dekkjer eg over det så godt eg kan og kallar det trykkleif i staden.) Dermed blir det ein litt-på-norsk-litt-på-spansk-blogg, som sikkert ser ganske rotete ut.
Uansett. Det er Bergen. Det er regn. Og det er studiestart. Veldig trivleg, bortsett frå at eg må drive på å planlegge middag kvar dag. Apropos middag, så har eg meldt meg opp til fire fag detta semesteret; GIS, kvantitativ metode, feltkurs og bacheloressay.
GIS og kvantitativ metode skal gje meg jobb når eg blir stor (kanskje). GIS går ut på å lage kart, og det er ganske artig. Eigentleg går det ut på å legge mange kart oppå kvarandre for å lage eit heilt nytt kart. Kvantitativ metode er ikkje like fantasiengasjerande. Det handlar om å halde styr på store mengder data og finne medianen, gjennomsnittet og slike ting. Det skal gje meg ei årslønn på ein halv milion har eg blitt lova, så med dei framtidsutsiktene skal eg nok koma meg gjennom det faget òg, for då treng eg ikkje planlegge middag kvar dag lenger.
Feltkurs og bacheloressay skal gje meg kunnskap om verden. Feltkurset går til Estland. Eg, Nina og Bjørn Erik har planlagt å vera miljøvennlige å reise dit med hoppestokk og seglbåt. Bacheloressayet skal handle om Peru. Det er alt eg veit så langt. Eg veit litt meir forresten, det skal vere på 20 sider og eg lurar på om eg skal skrive om geriljagruppa "den lysande sti". Resten er opp til meg å finne ut, og det har eg ikkje gjort endå.
Slik ser mi næraste framtid ut. Ikkje så alt for galen, spør du meg.
2 kommentarer:
og du hadde 6 i engelsk, sø d bør vera perfecto!hehe. Eg skriv på "dansk" da.. Det løser sej:)Men eg må innrømme eg ikkje skjønar stort av bloggen din lengre...Skal dog lære meg spansk ila livet,sø d æ kanskje ei god byrjing? Ski biletet her oppe såg überlekkert ut! Eg dreg te Alpane på laurdag:D Kyss Elin
Jepp.den sekseren har eg ikkje sett i engelsk sidan fyrste klasse. I tillegg fekk eg karakteren av Wilhelm. Det seier nok.
Ikkje slutt å les bloggen likevel! Plutseleg skriv eg på norsk!
God tur til Alpane, snuppa! Eg misunner deg ikkje i det heile tatt!
Legg inn en kommentar