Telemark

Det er frykteleg festleg å fortelje alle utlendingar som har høyrt om telemarkkøyring (sjølv om mange trur det heiter telemarket) at that's me; eg er telemarking og eg er glad i å stå på ski. Telemarkkøyring, derimot, har eg aldri fått heilt dreisen på.

Det bestemte eg meg for å gjere noko med, og brukte opp ein alt for stor sum på å kjøpe telemarksbindingar og støvlar til carvingskine mine. Invisteringa var ikkje berre meint for å imponere utlendingar, men fordi det er fantastisk artig å kunne koma seg ned bakkane med elegante og kontrollerte svingar så snospruten står.

Desverre kan eg berre svinge elegant til høgre. For å unngå å køyre i ring eller havne rett ut i det upreparerte terrenget har eg valet mellom å tryne til venstre eller ta ein slalåmsving. Sidan slalåmsvingen er desidert lettast blir det korte svingar til vestre og lange og elegante til høgre. Desverre er ikkje det nokon god måte å lære å stå på, så det hender eg må bite i det kalde snøen, med von om at det nok gjeng betre neste gong.

Ingen kommentarer: