Estland comming up


Bacheloroppgåva er i boks. Er har ei kjensle av å levere ei uferdig oppgåve, men no er det for seint å gjere noko med det. I morgon reiser eg frå vakre og vårlege Bergen til fordel for Latvia og Estland. I Estland skal me forske litt på utanlandske direkteinvesteringar og hoppe rundt og intervjue bedrifteleiarar og utforske verden i ein ti dagars tid.


Eg har ein del fordommar mot Aust-Europa som eg gledar meg til å stadfeste/avkrefte:

1. Der er berre grå hus, gjerne store murbygningar med klesvask på tørk. Vis ikkje så er det små trerønner
2. Det er alltid tåke
3. Det er kaldt
4. Folk kan berre snakke språk med lydar som berre kan skrivast med det kyriliske alfabetet
5. Folk er bleike
6. Det blir drukke mykje vodka
7. Der er berre gamle bilar frå Sovjettida
8. Der er ekstreme mengder hekla dukar og brun-oransje-grøne-beige fargar (dersom det ikkje er grått)
9. Det er flatt
10. Det er mangel på frukt men masse potet.

Ein ting som er heilt sikkert er at dei er ganske hårsåre der borte for tida. Nokon let seg hisse opp av omlokalisering av steinfigurar og andre let seg hisse opp av folk som let seg hisse opp på grunn av omlokalisering av steinfiguren. Kanskje dei har fått for mykje vodka.

Ingen kommentarer: