Kven bryr seg?
Hadde du gått forbi ein mann som låg strak ut i halvvegs inne på stien, klynkande og med hånda for hovudet?
Eg og Karen kom over ein snublande joggar, som fekk ein brå slutt på joggeturen og ambulanseskyss til Haukeland i førre veke. Då eg var nede og møtte ambulansa passerte tri grupper med gåande Karen og den liggjande joggaren. Berre det franske ekteparet spurte korleis det gjekk. Dei andre (blant anna ein mann med barn) festa blikket stivt framfor seg og marsjerte beint forbi, utan eingong å ense mannen, som dei ikkje hadde kunne unngå å sjå.
Ein bør kunne forvente at folk som passerar ein skadestad tek seg bryet med å spørje "korleis går det?" for så å gå vidare vel vitande om at medisinsk hjelp er på veg. Eg må inrømme eg håpar at uvissa om kolreis det gjekk med mannen for dei som gjekk forbi førte til eit lite stikk av dårleg samvit.
Eig håpar at dei ville oppført seg annleis dersom dei hadde kome først til ein skadestad, men med den manglande viljen til å vise interesse for folk som treng hjelp, så veit eg ikkje om det er så mykje å håpe på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar