Så sat eg her, då.
Det er skikkeleg ustrategisk for studentar som berre har studentkjenningar å bli buande i Bergen om sommaren. Då eg var heime i Vinje var hadde ingen kome heim frå sine respektive studiestader endå, men så fort eg kom tilbakars til Bergen hadde alle reist heim til sine heimlege trakter.
Nesten alle. Hanne var heldigvis her framleis, men ho reiste fort tilbakars til austlandet. Inger hadde omtanke nok til ikkje å la meg sitte inne å glo på jonsok medan jonsokbåla brann ned på stranda. No har Inger óg reist sin veg. Dei som eg delar tak og veggar med har fordufta. Eg og Karen lettar for tida våre sosialiseringsbehov når me pakkar ned alt Karen har samla på i tri år i boksar og kuffertar. Ho forsvinn til helga.
Det er rart med det. Året rundt, når det er full by og fullt hus, så er det deilig å ikkje ha nokon ting å gjera, men så fort eg veit at eg ikkje kan vera i lag med alle kjente, så kjem behovet for sosialisering. Kom og hald meg litt med selskap, då vel.
2 kommentarer:
hehe, kjenner til problemet.. er ikke så mange kjente igjen i tromsø i sommer heller... men det er jo en glimrende mulighet til å få nye venner;)
No entiendo mucho lo que escribiste, pero tu pulsera está chevere! =)
Legg inn en kommentar