Koordinatdetektivarbeid


Eg kan no titulere meg sjølv som koordinatdetektiv og bachelor i utviklingsstudier med spesialisering i geografi. Bortsett frå ein liten formalitet om å få putta overflødige studiepoeng frå noreg inn i manglande studiepoeng frå Peru, så er eg ferdig med UiB for denna gong. No må gjera meg klar til å betale ned på studielånet. Det er verre.


Sommarferien varte den halvanna veka eg var i Vinje. Då hadde ingen andre venner kome heim, bortsett frå Åsne som kom nest siste dagen. Så bar det tilbake til Bergen, men her var det ingen att, for alle hadde reist heimatt.


Sommarjobben min går i aller kortaste trekk ut på å snuse opp koordinatane til heile landets meir eller mindre kjente turistmål som Finn.no har i databasen sin. Det er her er får nytte av detektivkunnskapane mine. Med lupe, kokoshatt (i mangel på sixpence) google og telefonkatalogen på nett finn eg stader som Sputnikmuseet, Vrådal Skisenter og støylar på Lifjell. For ikkje å snakke om utallige gardsturismegardar og campingplassar! Dei koordinatane eg strevar mest med å plassere er til dømes "Telemarkskanalen". Kvar skal ein settje koordinaten til ein kanal som strekkjer seg gjennom eit heilt fylke? Titlar som "molteplukking på Rauland" og "sykkeltur i Vrådal" er og vrine å settje koordinatar på.

1 kommentar:

Jonas Ørnes Andersen sa...

Jeg møtte Åsne på et tilfeldig nachspiel i Tromsø, hehe=) Hun kjenner fadderbarna mine! Ellers så går min sommerjobb ut på å bøye, kutte, bære, løfte, heise, laste eller kjøre metall og stål. Jeg tok trucklappen og fikk jobb kjempelett på et lager, hehe.. ganske artig:)