Vinje
Innlevering av feltkursrapport førre fredag og på søndag var eg heime i Vinje. Her går det meste sin vante gang:
- 1 stk. av familien hadde nesten saga av seg veslefingeren. Dermed fekk eg helsa på halve slekta som eg ikkje har sett på to år og besøkt både Oslo og Åsgårdstrand.
- 68 stk. av familiemedlemane i fjøset (+ lam) var klare for å endre omgjevnadene og ville til fjølls. Dermed har eg fått jaga, lempa og køyrd firbeinte i to dagar, og bjøllene har fått tilbake sin gamle jobb.
- Det er regn. Det er tåke. Det er mystiske lydar om natta. Det er god mat om dagen. Det er trivlege naboar. Det er øl og vin og sjokolade. Det er ingen grunn til å klage.
- Det er sesongens siste skitur i morgon, for då blir det sol. Turen går frå Haukelisæter, så får me sjå kor langt me kjem før bussen kjem.
- Det er eksamen og bacheloren i boks (får ein håpe) på måndag.
1 kommentar:
Du får ha lykke til. Det var stas å se deg et par timer i Oslo.
Rimelig seint for sesongens siste skitur...men det er kanskje vanlig i Vinje.
Legg inn en kommentar