Bjøllejakt i kriggssone og på mystiske små teater
Sist fredag la Far, Mor og Dotter ut på leiteaksjon for å finne sauebjøllene som hadd
e rømt heimafrå. Sikre kjelder hadde informert om at utbrotarbjøllene hadde teke turen til den store Unionen - nærare bestemt til Kongens By, København.
Etter ein liten rekognoseringstur blandt oppbrendte bilavrak, politisperringar og forsegla vindauge blei det konkludert med at ingen bjøller hadde slått seg saman med demonstrantane på Nørrebro. Bjølleeigarane viste stor glede over at ikkje rømlingane hadde teke den valdelege vegen i livet. Det andre sporet - strupesongarsporet (les tidlegare innlegg) - verka med ein gong mykje meir lovande.
Stupesongaren hadde lagt forestillinga si til eit bittelite teater i ei bittelita gate mid
t i setrum. Mor, Far og Dotter sneik seg inn som undercover, forkledd som publikumarar. Stupesongaren song si strupesong medan dansarane rulla seg rundt på gulvet og tubamannen song tubamusikk, akompagnert av eit svært slagverk og ein kontrabass.
Men bjøllene? Dei var som fordufta. Truleg hadde bjøllene ein mistanke om Mor, Far og Dotter var på leiting etter dei, så dei hadde gøymt seg oppunder taket. Sidan Mor, Far og Dotter hadde snike seg inn som undercover trudde bjøllene at banen var trygg - så midt under forestillinga bjølleflokken seg så godt han kunne, verkeleg å vise kor mykje lyd dei var gode for. Dermed var dei avslørt.
Då Far, Mor og Dotter seinare kom i kontakt med rømmebjøllene, hadde dei ingen ting i mot å vere med tilbake. Dei sa det hadde vore riktig sjovt å utforske verden, men ingen ting kunne måle seg med å henge rundt ein varm sauehals og plinge roleg og fredeleg i Snehaddine, Ormeggine og Bjønnstøyllie heile sommaren til endes. Sjølv om dei var litt skuffa over at dei aldri fekk helsa på dronninga.

Etter ein liten rekognoseringstur blandt oppbrendte bilavrak, politisperringar og forsegla vindauge blei det konkludert med at ingen bjøller hadde slått seg saman med demonstrantane på Nørrebro. Bjølleeigarane viste stor glede over at ikkje rømlingane hadde teke den valdelege vegen i livet. Det andre sporet - strupesongarsporet (les tidlegare innlegg) - verka med ein gong mykje meir lovande.
Stupesongaren hadde lagt forestillinga si til eit bittelite teater i ei bittelita gate mid

Men bjøllene? Dei var som fordufta. Truleg hadde bjøllene ein mistanke om Mor, Far og Dotter var på leiting etter dei, så dei hadde gøymt seg oppunder taket. Sidan Mor, Far og Dotter hadde snike seg inn som undercover trudde bjøllene at banen var trygg - så midt under forestillinga bjølleflokken seg så godt han kunne, verkeleg å vise kor mykje lyd dei var gode for. Dermed var dei avslørt.

Då Far, Mor og Dotter seinare kom i kontakt med rømmebjøllene, hadde dei ingen ting i mot å vere med tilbake. Dei sa det hadde vore riktig sjovt å utforske verden, men ingen ting kunne måle seg med å henge rundt ein varm sauehals og plinge roleg og fredeleg i Snehaddine, Ormeggine og Bjønnstøyllie heile sommaren til endes. Sjølv om dei var litt skuffa over at dei aldri fekk helsa på dronninga.
1 kommentar:
haha, underholdning;)
Ja, du fekk det beste møtet mæ byen gitt! Sorry at du aldri høyrde meir frå mg, drog av garde torsdagskvelden,og glømde d heilt burt..:) Neste gong skø eg vera her!
Knus
Legg inn en kommentar