Klassisk påske vs lesepåske


Denne teksten skreiv eg eigentleg i fjor, men takk til påskefientlige geografiske institutt så er den framleis aktuell:

Kven har sagt at ein må på ski i påska? Eg prøvar meg på alternativ påskefeiring i år. Detta året reiser eg på daglege ekspedisjonar til Upihl for å mette hjernen og sjela. På den tidelegare Ulrike Pihls Pikeskole, no betre kjent som lesesalhuset til SV-fakultetet, er det høgt konsum av appelsin, fagliterær påskelektyre og påskesnopp, så det rektig tyt ut av øyro. Takk til geografisk institutt som legg eksamen til midt i påskeveka, så har eg masse lesero på lesesalen (så lenge dei ikkje stengjer han).

For skipåske er sååå gamaldags. Det er utgått på dato. Kva kan vel måle seg med saftig GISanalyse eller eit mangfald av ulike vekotormodellar? For ikkje å snakke om lokaliseringsteoriar og koordinatsystem.
Kven vil vel slite seg oppetter brakke bakkar på bakglatte ski når ein kan sitte stille på ein folketom lesesal? Eller renne ned dei bratte bakkane, tryne i ein sving og kjenne snoen smelte nedover ryggen, når ein kan ta heisen? Eller sette seg ned og fryse langt oppe i skogen for å ete medbrakt kjip og kald matpakke når ein kan kjøpe kebab på Ilahs? Og kva skal ein med slitsom fjelltur når ein kan kartlegge ruta på pc'en i staden?

Eg vil då ikkje slite ut dei splitter nye fjellskia med ein gong - det kan bli riper, veit du. Tenk om eg blir tatt av ras? Nei, det er betre å ligge trygt i senga og høyre på trafikken, enn å ligge under tonn med sno og bli spidda av ei søkestang, seier eit gamalt ordtak. Då våknar ein i det minste opp att...

No tenkjer eg du er overtydd om at det bypåske som er tingen. Så kan du koma og halde meg litt med selskap fram til tysdag.

Ingen kommentarer: