Sauen er eit miljøsvin
Og det er eg òg.
VG seier eg skal ete ein mindre kjøttmiddag i veka (slik at eg i praksis blir vegetarianar, for kjøtt er fysjom for miljøet. Du veit, dessa dyrne fis - særleg sauen og kyra. Det seier i alle fall Fremtiden i Våre Hender), skru innetemperaturen ned til 16 grader i stoga og ta minus eitt fly innanlands i året. I tillegg så må me instalere nok ein sparedusj. Det veit eg at eg aldri kjem til å gjere, så derfor har eg lova VG at eg skal spare 0 kg klimautslepp dei neste månadene.
Statistikken til VG flirer av meg og seier: Fytti for eit miljøsvin. Typisk egoistisk nordmann som ikkje vil vere med å ta ansvar og vil ikkje redusere ein liten kg klimautslepp ein gong! Hadde alle gjort som VG sa, så skulle alt bli bra, men Signe vil så langt i langt i fra.
Jadda, seier no eg. Eg har tatt metode og veit at statistikk er subjektivt, at sauen er særdeles miljøvennlig og no skal eg ta ein sparedusj.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar