Slik ellers...
Samtale med venn på msn gjekk omtrent slik:
Venn: Hei, lenge sidan sist. Korleis går det?
Eg: Mykje skule for tida. Held på med heimeeksamen, skal levere semesteroppgåve om ei veke og ha muntlig eksamen veka etter det, så det er litt hektisk.
Venn: Okei, slik ellers då.
Eg (etter å ha fundert litt på "slik ellers"): Ellers så har eg ikkje noko liv. Og det er nesten heilt sant.
Eg ser positivt på det. Instituttet er smekkfullt av trivlege folk frå morgon til kveld. Det er ikkje berre eg som er opptatt, heldigvis. Dessutan er sommaren rett rundt svingen og det blir kjekt!
Det minner meg på at denne bloggen kjem nok ikkje til å bli oppdatert gjennom sommaren. Skal du følgje med på kva som skjer på ferda sørover i unionen så blir sida "trekkfugler på to hjul" (http://trekkfuglerpaatohjul.blogspot.com) oppdatert med jamne mellomrom.
1 kommentar:
Har vel ikke vært speed oppdatering i der siste heller men det er gøy med ny sykkel blogg. Jeg skal følge med!
Legg inn en kommentar