Spania neste
Som dei fleste har fått med seg så blei det ikkje sykkeltur i år. Dermed sat eg att med ein returbillett frå Malaga 15. august og to val:
1. Få refundert billetten
2. Kjøpe billett til Malaga og ta ein ferie i spania som eit substitutt til sykkelturen.
Eg gjorde det siste, så no er eg straks i farta att, om enn ikkje på to hjul. Dermed vil denne bloggen på ny bli jamleg oppdatert.
Runa har sagt seg villig til å vera min reisepartner for turen. Me har planar om å vera i Malaga, reiser litt rundt Andalucia før me dreg med oss Inma over til Marokko, før me igjen returnerar til Spania via Gibraltar. Dermed får eg både Afrika og Storbritannia med på listene mine. Ikkje gale berre det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar