Malaga og Granada
Her kjem første oppdatering på Middelshavsfartinga.
Eg flaksa aleine i frå Bergen ein tysdags ettermiddag fordi reisekammerat Runa måtte halde seg i Noreg eit par dagar til av familiære grunnar. Det førte til at eg budde saman med Inma, foreldra hennes, ein bror og ein gal katt til Runa kom på torsdag. Det var fantastisk å snakke spansk att...i alle fall blei det fantastisk då eg fekk henta spansken fram frå gløymeboka att. I tillegg fekk eg privat guide til Malagas strendar og severdigheitar. Ikkje dårleg berre det.
Runa kom saman med den varme vinden. For å sjå på situasjonen med ein positiv vinkling så er eg ganske glad eg slepp å sykle rundt i 35 varmegrader. Reising med Runa er heller ikkje å forrakte. I dag tok me bussen til Granada, der me svinga innom Alhambra (sjå bilde). Det er eit slott som blei bygd av maurarane på 1200-tallet. Der er det fontener, parkanlegg, kanoner, slott og flotte utskjeringar. Vel verdt eit besøk dersom ein har tolmod til å koma seg gjennom fleire lange køar.
I kveld skal me eta så tapasen tyt ut av øyro. Det blir kjekt, det!

3 kommentarer:
Hi, Signe! We don't have the pleasure to know each other. I'm Giancarlo, a friend of Miguel. I hope this doesn't bothers you. Miguel told me about you and I decided to write to you since your blog is linked to Miguel's one. See, I've been calling to his house in order to get news about his arrival to Norway, but a friend told me that there's none in Miguel's house b/c his father traveled and his sister is in her aunt's house. Well, we (his friends from the high-school) want to know if he arrived well to Bergen. I hope you can give us some info (you can leave me a comment in my blog). Lots of thanks!
Hola, Signe! No tenemos el gusto de conocernos. Soy Giancarlo, amigo de Miguel. Espero no molestarte. Miguel me habló de ti y decidí escribirte para saber de él, en vista de que tu blog está "linkeado" al de Miguel. Sucede que he estado llamando a casa de Miguel para saber sobre su llegada a Noruega, pero un amigo me acaba de decir que no hay nadie en casa porque su papá se fue de viaje y su hermana está en casa de su tía. Bueno, nosotros (sus amigos del colegio) queremos saber si llegó bien a Bergen. Espero que puedas darnos alguna noticia (puedes dejarme un comentario en mi blog, si deseas). ¡Muchas gracias!
Signe, recibí tu mensaje. Muchas gracias por el dato. Cuando hables con Miguel, mándale saludos de todos. Muchas gracias nuevamente por darnos noticias de él.
Legg inn en kommentar