For første gong i Afrika
Eg og Runa sit no på ein internetkafe i Tanger, Marroko, Afrika. Utanfor tutar bilane lystig, det er varmt og selgarane ivrar etter å få bytt bort varene sine med så mange dhiram som mogleg.
Me har ikkje teke beinvegen til Afrika. Frå Granada tok me buss til Sevilla, der me overnatta eit par
nettar i eit gamalt hostel i sentrum. Sevilla var

* varmt
* fullt av snirklete bakgater
* fullt av fine hus
* fullt av ekle menn (siklande slubbert på trikken, rompe- og puppeklypande menn på sykkel, kommenterande menn på gata)
Eg likte meg godt likevel. Stemninga var god
Så tok me nok ein buss til Algecidras like ved Gibraltar. Det er derifrå båtane til Marokko går, men før me kunne sette oss på båten hadde me eit oppdrag å fullføre; besøke Gibraltar. Dermed blei det innsjekk på hostel i den mindre koselige Algecidras og ettermiddagstur til den britiske kronklonien Gibraltar.

Gibraltar var:
* Det opphavlege målet på den opphavlege sykkelturen
* Full av klissete og seig luft
* Fullt av politi med rare hjelmar
* Fullt av britar
* Fullt av pubar som selde fish'n chips
* Dyrt
Etter å ha sove ei natt på eit dårleg ventilert rom tok me i dag
båten over Gibraltarstredet og til Tanger. Her er me no, og her har me tenkt å vera i to nettar. No skal me romle rundt på marknaden for å suge til oss lukter og syn og kanskje byte bort ein eller annan dhiram i ei eller anna vare. Bilete blir lagt ut så fort eg kjem heim til eiga maskin.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar