Oktoberfest
SÅ lang tid tok det før den langsiktige planen endra seg; To veker - eg kom meg ikkje ut av eksossuppa Lima denna helga heller. Det var ingen som ville reise med meg, og dei som var på resiefot reiste på så upassande tidspunkt.
I staden fekk eg feira ferdige eksamenar med ein skikkeleg reklamefinansiert oktoberfest. Type kjempestor bierstube - utan Kjell, men med dansing på bordet, tysk mat (worst), tyrollorkester og drikkeviser. Min tyske leiligheitskamerat Flo blei heilt opp sentimental, sjølv om han i utgangspunktet ikkje kan fordra tyrollorkestermusikk. Før ein kom inn i festteltet så måtte ein sjå på alle dei tyske nye fancy bilane, beundre dei vakre kjøleskåpa frå Bosh, og ta i mot litt reklame frå Siemens og diverse hundematselskap. Produkt som den jamne peruaner aldri har råd til.
Og til slutt ei lita retting: siste alvorlege jordskjelv i Peru var i 2001. Dårleg research frå mi side førte til ein kjempebom i førre innlegg. Huff.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 23.10.06 3 kommentarer
Etiketter: Lima
Jordskjelv
Eg har opplevd mitt første skikkelege jordskjelv. Det skjedde ca klokka seks i dag tidleg. Eg var langt inne i draumeland då senga brått rista både seg sjølv og meg. Det viste seg ganske fort at det ikkje var senga det var noko i vegen med - heile huset var lealaust. Eg spratt ut av både draumeland og seng og tenke "shit, eg er i sjuande etasje" og så slutta ristinga like fort som han starta.
Dei seier i dag at det var eit relativt svakt jordsjelv, men at det varte ganske lenge. Så sjølv om eg heldt på å gå av støvleskaftet fordi det rista litt i huset, så har husa i Lima halde seg oppe heilt sidan det siste verkelege alvorlege jordsjelvet på 1700-talet (trur eg). Så eg skal nok overleve eventuelle framtidige ristingar, tenkjer eg.
No kan eg i alle fall skrive jordskjelv på lista over ting eg har gjor/opplevd i livet. Og det er ganske kjekt det òg.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 20.10.06 0 kommentarer
Kva synest de om den nye utsjånaden?
Ny og betre? Litt for dyster? Saknar du den gode gamle grøne? Konstruktive komentarar blir motteke med takk, men du må tenkje deg om først. Eg vil ikkje ha nokon eg-likar-den-gamle-sida-best-for-den-er-eg-mest-vand-med-komentar.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 15.10.06 7 kommentarer
Video
I starten av opphaldet mitt i Peru reiste eg på nattur i Lima med Spanskskulen El SOL, ein monton av nordamerikanarar og eit videokamara. Videomannen har no redigert opptaka frå turen og lagt dei ut på nett.
Video 1 kan du sjå alle som var med på turen introdusere seg sjølv i dårleg lys.
Video 2 tek mest for seg nasjonalsongsynging (trur dei klypte vekk mi framføring av Ja vi elsker for å spare resten av verden for grusom tonebomming) og dansing på framfor ulike ompa-ompa-orkester i endå dårlegare lys.
Trur eigentleg dessa videoane er artigast for oss som var på tur, men de kan no alltids ta ein titt.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 15.10.06 0 kommentarer
Etiketter: Lima
Eksamenar og fag
No har eg kome meg heilskinna gjennom tri eksamenar på framant språk. Vel, om eg kom heilskinna gjennom er framleis uvisst, for me har ikkje fått karrakterane endå, men eg har ei kjensle av at eg er på rette sida av strykegrensa. Strykegrensa er på elleve. Det betyr 12 - 20 er bestått og 11-1 er stryk. Det vil tida vise seg.
Quechuaeksamenen trudde eg skulle handle korleis snakke quechua. Type; Kuchiykichu? Arí kuchiymí. Manam kuchiykichu, kuchiykum. (Er grisen din? Ja grisen er min. Nei grisen er ikkje din, grisen er vår). Rett nok hadde me to andre tekstar å lese gjennom, men dei berre skumma eg fort forbi. Det viste seg å vera litt smådumt, for me fekk BERRE spørsmål frå tekstane. Trur likevel eg fekk svart eit eller anna som var sant...
Populasjonseksamenen var ikkje særleg vrien. Det var berre å diskutere litt overpopulasjon i verden, migrasjon og den demografiske utviklinga (dødsrate og fødselsrate). Så då las eg gjennom gamle oppgåver frå globaliseringsøkonomien og Aases migrasjonsteorifag, så gjekk det greit.
Den siste eksamenen var grenseforvaltning. Den trudde eg skulle bli vrien, for det var så mange detaljar å hugse på. Eit utall ulike sub-rom og slike ting. At det går ann å finne så mykje å seia om grensa mellom to land (Retting: to romlige strukturar) har eg framleis vondt for å forstå. Heldigvis trong eg ikkje nemne eit einaste sub-rom. I staden kunne eg skrive om kva funksjon grensa har i EU i forhold til andre land og om vikingar. I det eg skulle skrive om Smuttholet og russik kidnapping av norske fiskebåtkontrollørar så gjekk tida desverre ut. Prøvde å trykke inn så mykje fakta som mogleg frå Noreg, for på det feltet veit eg at professoren har lite peiling, og kan ikkje arrestere meg for faktafeil. Litt taktisk må ein vera i blandt.
Neste veke har eg heimeeksamen i andinsk og amazonisk geografi. Det er det vanskelegaste faget for ein må kunna masse ting om Andesfjella om Amazonas, og det kan ikkje eg slik utan vidare. Men eg er glad me har fire dagar på å skrive på. Då kan det hende eg får noko lurt ned på papiret likevel, og så slepp eg å pugge så fælt.
Så då håpar me lærarane forstår både handskrifta og spansken min, kryssar fingrane og held pusten og satsar på å få over 11.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 14.10.06 0 kommentarer
Langsiktig planlegging
Eg har studert kalenderen, timeplanen, eksamensdatoar og andre viktige hendingar og laga ein langsiktig plan. Tidsrommet på denna langsiktige planlegginga er veldig konkret ein månads tid. Etter det blir det litt meir diffust. Planen min er omtrent slik:
Denna helga, 6.-8. oktober: Lima. "Beinhard" lesing, for eksamenane kjem som ei bombe neste veke.
Torsdag 12 oktober: To deleksamenar på ein dag; populasjonsgeografi og eit fag om grenseforvaltning. Det siste faget tek eg berre fordi det er inkludert ein tur til Piura.
Neste helg, 13 - 15 oktober: Blir eg framleis verande i eksossuppa Lima, for eg har heimeeksamen måndag til torsdag.
Helga etter der, 20-21 oktober: Skal det feirast at eg er ferdige med alle deleksamenane. Det betyr ut av eksosbyen og utforske landet. Veit ikkje heilt kvar, eller med kven, men det finn eg sikkert fort ut.
Torsdag 26. oktober : Felttur med geografifaget om grenseforvaltning til grensa til Ecuador i tri dagar. Min plan er å bli verande ein dag til for å nyte strendande der oppe i nord, for dei skal visst vera lekre.
Måndag 30. oktober: Får besøk av Gur. Det blir flott!
Torsdag 2. november: Guri må nok kose seg i Lima eit par dagar utan meg (Eg sender ho på spanskkurs så ho har noko å sysle med), for eg reiser på nok ein geografiutflukt. denna gongen med Amazonisk og andinsk geografi, og det gjekk visst ikkje ann å ha med seg nokon som ikkje studerar på la catolica. (Guri: Du skal få meir detaljert info - don't worry!)
Måndag 6. - laurdag 11. november: Eg og Guri skal reise på oppdagingsferd i Peru. Den detaljerte reiseruta er ikkje klar endå, men eg har ein mistanke om at det blandt anna blir Cuzco og Machu Pichu, for eg har fått streng beskjed om at det er obligatorisk reisemål for alle som reiser i Peru. Nettopp derfor har eg litt lyst til ikkje å reise dit - slik på trass. Eg trur faktisk at det er veldig fint der og verdt turen likevel.
Måndag 13. november: Siste Quechuaeksamen. Den som trur at eg då kan snakke flytande på eit supereksotisk indiansk tungemål må tru omatt, men eg har truleg lært meg å seia visse fraser. Som til dømes "er grisen din?". Kjekk visdom å bera på.
Tydsdag 14. november: Reiser Guri heimatt
Så har eg eit par veker som er heilt blanke i kalenderen. Og det blir jammen godt å få litt pause frå superplanlegginga mi. Det er her den difuse planlegginga startar: Siste eksamen, så vidt eg veit, er 7. desember. Det betyr at eg har 13 fridagar før heimreise. I løpet av dei 13 dagane SKAL eg til Bolivia.
20. desember (som nærmar seg alt for fort): Chau chau Lima, adios Peru, hasta luego America Latina. Noreg; her kjem eg!
Slik ser planen min ut akkurat no. Eg kan lova at eg ikkje kjem til å følgje han, for Peru er Peru. Og Signe er Signe. Og ingen av oss er spesielt flinke til å lage langsiktige planar, og endå dårlegare til å følgje dei.
Lagt inn av Eg er Signe kl. 6.10.06 0 kommentarer