Eksamenar og fag
No har eg kome meg heilskinna gjennom tri eksamenar på framant språk. Vel, om eg kom heilskinna gjennom er framleis uvisst, for me har ikkje fått karrakterane endå, men eg har ei kjensle av at eg er på rette sida av strykegrensa. Strykegrensa er på elleve. Det betyr 12 - 20 er bestått og 11-1 er stryk. Det vil tida vise seg.
Quechuaeksamenen trudde eg skulle handle korleis snakke quechua. Type; Kuchiykichu? Arí kuchiymí. Manam kuchiykichu, kuchiykum. (Er grisen din? Ja grisen er min. Nei grisen er ikkje din, grisen er vår). Rett nok hadde me to andre tekstar å lese gjennom, men dei berre skumma eg fort forbi. Det viste seg å vera litt smådumt, for me fekk BERRE spørsmål frå tekstane. Trur likevel eg fekk svart eit eller anna som var sant...
Populasjonseksamenen var ikkje særleg vrien. Det var berre å diskutere litt overpopulasjon i verden, migrasjon og den demografiske utviklinga (dødsrate og fødselsrate). Så då las eg gjennom gamle oppgåver frå globaliseringsøkonomien og Aases migrasjonsteorifag, så gjekk det greit.
Den siste eksamenen var grenseforvaltning. Den trudde eg skulle bli vrien, for det var så mange detaljar å hugse på. Eit utall ulike sub-rom og slike ting. At det går ann å finne så mykje å seia om grensa mellom to land (Retting: to romlige strukturar) har eg framleis vondt for å forstå. Heldigvis trong eg ikkje nemne eit einaste sub-rom. I staden kunne eg skrive om kva funksjon grensa har i EU i forhold til andre land og om vikingar. I det eg skulle skrive om Smuttholet og russik kidnapping av norske fiskebåtkontrollørar så gjekk tida desverre ut. Prøvde å trykke inn så mykje fakta som mogleg frå Noreg, for på det feltet veit eg at professoren har lite peiling, og kan ikkje arrestere meg for faktafeil. Litt taktisk må ein vera i blandt.
Neste veke har eg heimeeksamen i andinsk og amazonisk geografi. Det er det vanskelegaste faget for ein må kunna masse ting om Andesfjella om Amazonas, og det kan ikkje eg slik utan vidare. Men eg er glad me har fire dagar på å skrive på. Då kan det hende eg får noko lurt ned på papiret likevel, og så slepp eg å pugge så fælt.
Så då håpar me lærarane forstår både handskrifta og spansken min, kryssar fingrane og held pusten og satsar på å få over 11.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar