Jordskjelv

Eg har opplevd mitt første skikkelege jordskjelv. Det skjedde ca klokka seks i dag tidleg. Eg var langt inne i draumeland då senga brått rista både seg sjølv og meg. Det viste seg ganske fort at det ikkje var senga det var noko i vegen med - heile huset var lealaust. Eg spratt ut av både draumeland og seng og tenke "shit, eg er i sjuande etasje" og så slutta ristinga like fort som han starta.

Dei seier i dag at det var eit relativt svakt jordsjelv, men at det varte ganske lenge. Så sjølv om eg heldt på å gå av støvleskaftet fordi det rista litt i huset, så har husa i Lima halde seg oppe heilt sidan det siste verkelege alvorlege jordsjelvet på 1700-talet (trur eg). Så eg skal nok overleve eventuelle framtidige ristingar, tenkjer eg.

No kan eg i alle fall skrive jordskjelv på lista over ting eg har gjor/opplevd i livet. Og det er ganske kjekt det òg.

Ingen kommentarer: