Langsiktig planlegging
Eg har studert kalenderen, timeplanen, eksamensdatoar og andre viktige hendingar og laga ein langsiktig plan. Tidsrommet på denna langsiktige planlegginga er veldig konkret ein månads tid. Etter det blir det litt meir diffust. Planen min er omtrent slik:
Denna helga, 6.-8. oktober: Lima. "Beinhard" lesing, for eksamenane kjem som ei bombe neste veke.
Torsdag 12 oktober: To deleksamenar på ein dag; populasjonsgeografi og eit fag om grenseforvaltning. Det siste faget tek eg berre fordi det er inkludert ein tur til Piura.
Neste helg, 13 - 15 oktober: Blir eg framleis verande i eksossuppa Lima, for eg har heimeeksamen måndag til torsdag.
Helga etter der, 20-21 oktober: Skal det feirast at eg er ferdige med alle deleksamenane. Det betyr ut av eksosbyen og utforske landet. Veit ikkje heilt kvar, eller med kven, men det finn eg sikkert fort ut.
Torsdag 26. oktober : Felttur med geografifaget om grenseforvaltning til grensa til Ecuador i tri dagar. Min plan er å bli verande ein dag til for å nyte strendande der oppe i nord, for dei skal visst vera lekre.
Måndag 30. oktober: Får besøk av Gur. Det blir flott!
Torsdag 2. november: Guri må nok kose seg i Lima eit par dagar utan meg (Eg sender ho på spanskkurs så ho har noko å sysle med), for eg reiser på nok ein geografiutflukt. denna gongen med Amazonisk og andinsk geografi, og det gjekk visst ikkje ann å ha med seg nokon som ikkje studerar på la catolica. (Guri: Du skal få meir detaljert info - don't worry!)
Måndag 6. - laurdag 11. november: Eg og Guri skal reise på oppdagingsferd i Peru. Den detaljerte reiseruta er ikkje klar endå, men eg har ein mistanke om at det blandt anna blir Cuzco og Machu Pichu, for eg har fått streng beskjed om at det er obligatorisk reisemål for alle som reiser i Peru. Nettopp derfor har eg litt lyst til ikkje å reise dit - slik på trass. Eg trur faktisk at det er veldig fint der og verdt turen likevel.
Måndag 13. november: Siste Quechuaeksamen. Den som trur at eg då kan snakke flytande på eit supereksotisk indiansk tungemål må tru omatt, men eg har truleg lært meg å seia visse fraser. Som til dømes "er grisen din?". Kjekk visdom å bera på.
Tydsdag 14. november: Reiser Guri heimatt
Så har eg eit par veker som er heilt blanke i kalenderen. Og det blir jammen godt å få litt pause frå superplanlegginga mi. Det er her den difuse planlegginga startar: Siste eksamen, så vidt eg veit, er 7. desember. Det betyr at eg har 13 fridagar før heimreise. I løpet av dei 13 dagane SKAL eg til Bolivia.
20. desember (som nærmar seg alt for fort): Chau chau Lima, adios Peru, hasta luego America Latina. Noreg; her kjem eg!
Slik ser planen min ut akkurat no. Eg kan lova at eg ikkje kjem til å følgje han, for Peru er Peru. Og Signe er Signe. Og ingen av oss er spesielt flinke til å lage langsiktige planar, og endå dårlegare til å følgje dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar