Ferden austover

Dei tri siste dagane har eg sete heilt stille og bevegd meg heile tida. Det vil sei: Eg har tatt tog. Og ein baat. Kort fortalt gjekk turen omtrent slik:

Sondag: Bergen - Oslo. Litt forsinka tog, ellers ok. Alltid kjekt aa sjaa Hanne att!

Maandag: Banen som skulle gaa fraa Carl Berners plass kom aldri, og avgangen til Stockholmstoget mitt tikka stadig nermare. Skrekksenarioet eg heile tida hadde frykta, at eg skulle miste eitt tog og dermed at alle dei korresponderande avgangane skulle ryke fraa meg, som ein dominoeffekt i fraa Oslo til St. Petersburg, blei med eit veldig verkeleg. Eg har det med aa stresse i blandt. Litt i overkant vil vel nokon meine, men saa har eg det med aa rekke det meste av tog og (Bortsett fraa naar syklar med flatt dekk og liknande stikk kjeppar i hjula). Denna gongen kasta eg meg rundt og inn i ein taxi og rakk toget med 5 minuttars margin.

Toget til Stockholm var forsinka det og, men denna gongen var det ikkje noko problem. Tri timar er meir enn god nok tid til aa svinse rundt jernbanestasjonen to gonger og sentralsenteret (eller kva det no heitte) ein gong for aa finne bussen som skulle ta meg til baaten.

Baat er kjedeleg. Taxfree held eg meg langt unna saa lenge eg kan. Det einaste som eg etterspurde (rundstykke og ei lita notatblokk) hadde dei ikkje. Hadde eg derimot hatt ordentleg lyst paa to kilo ost eller ei heil skinke i tillegg til kvota, saa ville det ikkje vore noko problem. Eg fordjupa meg heller i St. Petersburgs historie, med lyden av klingande spillemaskiner som bakgrunnsmusikk, medan Viking line glei sakte ut Stockholmsskjergarden i solnedgangen.

Tysdag:
Eg hadde sjolvsagt ikkje spandert paa meg noko luksurios lugar, saa eg havna paa rom med ei russisk jente under bildekket, med toalett og dusj i gangen. Det var greit nok, det. Midt paa natta var eg saa lur at eg slo av telefonen for aa spare straum. Irritert blei eg daa eg forstod at eg ikkje kunne slaa han paa att, fordi eg nettopp hadde faatt meg nytt simkort. Dermed blei forste oppdrag daa eg kom i land i Helsingfors aa fange klokke. I Helsingfors rava eg rundt i fem timar, og eg er ikkje heilt sikker paa kva inntrykk eg har av byen endaa. Fin, men brun, paa ein maate.

Toget til Rusland var ikkje som dei andre toga. Billetten gav eg fraa meg til togvertinna (jf med flyvertinne) alt paa perrongen daa eg gjekk om bord. Inne i toget var dei ukomfortable seta ulastelig trekt med blaa floeyel. Dei machande gulvteppa og gardinene var sjoelsagt paa plass. Damene kom rundt og spanderte pils eller juice og over hoegtalarane spela dei russisk radio. "Detta er Russland" tenkte eg med meg sjoelv daa korpsmusikken stroymde i mot meg over hoegtalarannlegget paa stasjonen i St. Petersburg. Det glei rett inn i fordommane.

Eg kom fram til slutt. I morgon skal eg utforske byen medan Aasne er paa skulen. Gledar meg, eg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Du verden, so du reiser. Er du i det hele tatt i Bergen lenger? Hvor lenge blir du i Russland? Og hva gjør du der?

Uansett: sørg for å ha det gøy (å husk å ta bilder)!