Observasjonar fraa St Petersburg

Etter eit par dagar i St. Petersburg har eg gjort ein del observasjonar.

- Det er slitsomt aa vera analfabet. Eg er tilbake i foersteklassestadiet naar det gjeld lesing av kyriliske tekstar, men det gaar sakte men sikkert framover. Det er berre fem bokstavar som samsvarar med det latinske alfabetet, men ein haug som ser like ut, men som ein uttalar paa ein heilt annan maate. P, er for eksempel R. C er S. H er N. B er V.

- Russarar er veldig hjelpsame dersom ein er litt forvirra turist. Det er visst eit St. Petersburgfenomen, for i foelge ryktene kan du berre gloeyme aa spoerre etter vegen i Moskva. Uansett er Russarar veldige sparsame paa aa bruke smilemusklane. Det smiles berre dersom dei er i rektig godt humoer.

- Eg er glad eg ikkje er russisk jente. Hadde eg vore det saa hadde eg maatta gaa rundt i hoeghaela sko heile dagen. Ein kjenner att turistane paa skorne. Flate sko = turist.

- Eg har moett ein gjeng formingslaerarstudentar fraa Notodden som eg har hengt meg med paa (ei av dei gjekk paa folkehoegskule med Aasne) I utgangspunktet skulle eg berre snylte litt paa den norske omvisinga dei hadde i Vinterpalasset, men saa viste det seg at dei skulle paa ballett, og daa slengte eg meg med i siste liten. Dermed blir det ballett i kveld.

1 kommentar:

Jonas Ørnes Andersen sa...

selv om jeg ikke legger igjen kommentar så ofte så ehar jeg bloggen din på RSS og følger med:) Hyggelig å høre! Jonas