Метро и Руссланд

Ну ер ег нестен икке дндлфдъет ленгер. Det vil seie at eg nesten ikkje er analfabet lenger, og derfor har eg teke sjansen paa aa ta metroen. Eg kvidde meg litt for metrokoyring aleine i starten, men undergrunnen i St.Petersburg er vel verdt ei vitjing.


Metroen er djup. For aa koma ned til toget maa ein ta rulletrapp i mange minuttar. Naar ein endeleg kjem seg til botnen opnar det seg store hallar der take blir halde oppe av soyler. Enkelte stasjonar er vakkert dekorert med stalin i marmor og med lysekroner i taket.


Andre stader kjem ein inn i ein lang hall, framleis dekorert med stein og marmor. Paa kvar langside av hallen er det mengdevis med doerer. Ein stiller seg opp ved ei vilkaarlig doer paa rette sida av hallen. Naar toget kjem opnar doera seg og folk stroymer inn og ut av metroen, og kalla den vertikale heisen. Eg er like fasinert kvar gong metrokoeyraren klarer aa stoppe paa milimeteren slik at dorene paa toget passar saman med dorene i metroen.


Desverre er det ikkje lov aa ta bilete i metroen, saa de faar greie dykk med eit som er fanga paa internett.

Ingen kommentarer: