Hinder i vegen
Det går sakte framover med forskinga no. Her er dei største hindera eg står framfor på min veg til eit vellykka feltarbeid.
BLØFFING
Eg kjem meg ikkje ut av Piura. Eg har snakka med mengdevis med institusjonar i sjølve byen, medan kontaktar som først lova både bøndar og mangotre ignorerar meg glatt. Til dømes lova leiaren av ein bondeorganisasjon at han skulle vise meg den tilknytta eksportbedriften. Og der skulle eg møte ei lokal jente som skulle kunne sette meg i kontakt med produsentane. Eg skulle berre sende han ein e-post for å avtale nøyare når me skulle møtast. Som sagt så gjort. Ikkje noko svar på e-posten. Eg sendte melding og fortalde at han hadde fått e-post. Framleis ikkje noko svar. Eg slo på tråden - og blei lagt på. Dermed; ikkje nokon tur.
I dag har eg derimot besøkt ein av dei eldste mangopakkefabrikkane i området. Der var dei veldig hjelpsame og skal prøve å ta kontakt med fleire moglege kontaktar. Så no begyndar det å skje ting. Vonar eg snart kan oppdatere om mangobøndar på alle kantar.
STREIK
Det andre hinderet er eit meir konkret hinder; streikande bønder. Streiken hadde gått meg hus forbi, hadde det ikkje vore for at dei streikar midt i vegen. Det betyr at det er vanskelegare for meg å koma meg til landbruksområda. Eg trur årsaka til streiken er nye reglar om vassfordeling, og at bøndane tapar råderett over elver. Eller noko slik.
Derson eg har forstått situasjonen rett, så synest eg det er litt underleg at bønder stoppar trafikken for å protestere mot ei lovendring. Det går mest utover dei sjølve. For det første er det midt i haustingsessongen for mange produkt, og dersom bøndane brukar tida på å streike enn på å hauste, så blir det mindre å selje. For det andre er mesteparten av produksjonen i dette området retta mot eksport. Når ein stenger vegen, så kjem ikkje landbruksvarene til havenene. Det går utover eksportbedriftene, som til slutt slår tilbake på bøndane sjølve. Styresmaktene, som protestane er retta mot, køyrer som regel ikkje rundt på desse vegane i det heile tatt, og blir dermed ikkje veldig hardt påverka av klagene.
SELSKAP
Eg har tidlegare klaga over at einaste selskapet eg har er skuggen min og innpåslitne, sleske gutar. Det er ikkje slik lenger. No har eg leigd eit rom i eit trivleg nabolag, der det tilfeldigvis bur fleire utvekslingsstudentar og frivillige arbeidarar. Brått blei eg del av ein internasjonal gjeng, med folk frå Peru, Nederland, Sveits, USA, Korea og Belgia. Det er stas å ha nokon å skravle med om kvelden. Problemet er berre at det for blir litt for mykje sosialisering litt for seint på kvelden. Dermed kjem eg meg ikkje alltid opp og ut like tidleg om morgonen som eg gjorde før. Her kan eg berre klage på meg sjølv, men på same tid kan eg gjera noko med det sjølv òg. Streikande bøndar og bløffande organisasjonar er utanfor mi rekkevidde å fikse.