Lenge leve ineffektiviteten!

Torsdag etter lunsj fann eg vegen til politistasjonen for å anmelde dessa vassballongkastande gutungane som hadde ført til at mp3-spelaren min oppførte seg unormalt (les førre innlegg).

Eg blei vist inn på eit rom. Der sat to menn i uniform bak kvart sitt skrivebord. Eg la ut om historia mi til den eine mannen, og han noterte alt med raud og svart farge og stor flid i ei notatbok. Då han hadde forsikra både seg sjølv og meg om at han hadde fått all den informasjonen han trong, gav han beskjed om at eg måtte betale 3,5 soles (det er omlag 7 kroner) i kopieringsgebyr. Den var grei, tenkte eg, og tok meg til lomma der lommeboka låg. I det eg drog fram lommeboka sa mannen at betalinga måtte gjerast i ein spesiell bank, og den banken låg i sentrum. Så skulle eg koma tilbake med kvitteringa, slik at dei kunne ta kopi av notatsida han hadde gjort.

Turen fram og tilbake til sentrum kosta meg 5 soles. Det var altså dyrare å ta taxi til banken og tilbake enn det var å betale gebyret på 3,5 soles. Då eg kom tilbake til politistasjonen og vifta med kviteringa såg dei på meg og sa at kopieringskontoret ikkje opna før klokka fem. Det var ein time til. Då klokka blei halv seks kom det ein mann og slapp meg inn på eit kontor der det var ein pult og ei skrivemaskin, slik ein gamaldags. Han såg på forklaringa mi som stod nedskriven i notatboka, grynta, og gav meg ein lapp i det han sa "kom tilbake i morgon før klokka to".

Då var klokka slagen middagstid, så noko meir intervju fekk eg ikkje gjort den dagen. I staden reiste eg heim til til rommet mitt, fant fram den stakkars mp3-spelaren, strauk han over knappane og slo han på. Eg måtte på eit vis sikre meg at han var like kokko i dag som i går. Forbausa kunne eg konstatere at han verka akkurat som han skulle. Eg kunne spela akkurat den songen eg berre ville og alle knappane responderte som dei skulle. Det blei eg veldig glad for, men at dagen hadde vore bortkasta var det ingen tvil om.

Tenk om politimannen hadde hatt ei datamaskin, ein skrivar og eit kasseapparat?! Hadde det ikkje vore for ineffektiviteten, så hadde eg kunna vitja landbruksdepartamentet den dagen. Men hadde det ikkje vore for ineffektiviteten så hadde ikkje politimannen med skrivemaskina hatt nokon jobb. Taxisjåføren hadde hatt ein kunde mindre, og banken i sentrum (der alle som vil anmelde noko må innom), ville kanskje ha halvert staben. Så hurra for innefektiviteten! (sjølv om det er litt irriterande til tider)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehehe...Det er ofte slik med elektriske aparater hvis de blir våte. Hvis de får "tørke" noen dager begynner de å fungere igjen. Men de har ofte kortere leve tid en de vanligvis ville ha hatt hvis de ikke hadde fått seg en dukkert. Eller i dette tilfelle en vannballong.

Elin sa...

Hurra for inneffektiviteten ja, i grunn sant d :)