A day in a life

Etter to veker i Lima føler eg at eg er ganske på plass. Rutinane og vanane snik seg inn, og det blir lenger og lenger mellom kultursjokk og overraskingar. Ein vanleg dag ser omtrent slik ut:

Kl. 07.45: Vakne. Litt seinare stå opp, for så å springe ned heisen. Det er litt irriterande når ein har dårleg tid; heisen gjeng ikkje noko fortare sjølv om ein hoppar aldri så mykje.

Kl 09.00 skal eg eigentleg vera på plass i spanskklassa mi i Miraflores. Det er eg som regel ikkje fordi:
A: Eg alltid er for seint ute av heisen (heisen sin feil!)
B: Taxisjåføren vel den lengste og mest trafikkerte ruta kvar gong eg har dårleg tid.
Eg tek som regel drosje til skulen. Det gjeng fortare enn combi, men kostar seks gonger så mykje - heile 12 kroner må eg punge ut med.

Kl. 11.00 har eg hatt gramatikkurs på språkskulen El Sol (biletet) i to timar i strekk. Det høyrest mykje ut, men gjeng veldig fort. Grunnen til det, er at det aldri er meir enn fem elevar i klassa, så ein får eit skravleforhold og ikkje noko strikt læreforhold til læraren. Akkurat no er me berre to elevar i klassa mi. Etter gramatikkurset har me kommunikasjonstime. Det betyr å skravle på spansk om peruanske tema. Og vips! så får ein innføring i peruansk kulturar, skikkar og ting ein bør gjera og absolutt ikkje bør gjera/seia. Kjekt å kunne.

Dei fleste elevane på skulen er frå USA, men det er ein del europearar òg. Det som er fint med skulen er at eg lærer spansk. Det som er dumt er at alle andre heller vil snakke engelsk enn å praktisere spansken. Eg har aldri snakka så mykje engelsk i Lima som det eg gjer når eg er i lag med folk frå spanskskulen.

Kl 13.00 er dagens obligatoriske aktivitet slutt, så her begyndar variasjonen. Eg har som regel to val:
1: Gå heim og eta lunsj.
2: Eta lunsj ute.
Av ein eller annan grunn foretrekker eg som regel det siste alternativet. Det har noko med at lunsj i Peru ikkje er brødskive med ost, men varm mat. No bur eg slik til at eg fint kan velje å eta brødskive med ost til lunsj om eg vil, men verken brødskiva eller osten er det same i Peru som i Noreg. Dessutan er det trivelegare å eta lunsj i lag med folk frå spanskklassa mi, sjølv om det betyr at eg må snakke meir engelsk. Når ein kan få torettars lunsj til 12 kroner, så er det ikkje så veldig vanskeleg val.

Klokka 14.30 har spanskskulen ettermiddagsprogram, som er heilt frivillig å vera med på. Det er alt frå bli-kjent-tur i byen, dansetimar eller kokkekurs. I dag var eg med på tur til Barrio China, eller Chinatown som det heiter på godt engelsk. Det var fint, me såg ei gate med kinesiske butikkar og restaurantar midt i Limas historiske sentrum. Som regel er eg ikkje med på det som skjer på ettermiddagen, men tek combien (foto) heim eller gjer ærend.

På kvelden skjer det ulike ting. I går, til dømes, sa me hadet til ei jente frå Mexico som reiste tilbake i dag. Andre kveldar gjeng me på kino (det kostar 14 kroner) eller gjere andre kveldsaktivitetar i lag med kjente (som det stadig blir fleire og fleire av!). Eller så har eg ein heilt fredeleg kveld heime på soffaen med ein kopp te og ei bok.

Ingen kommentarer: