Huacachina
Endeleg har eg kome meg litt ut av Perus bråkete og skitne hovudstad. Laurdags morgon sette eg og fem andre nord-amerikanarar (med dei klingande navna Ben, Jackie, Chad, Michel og Whiteny) kursen mot Huacachina.
Huacachina er ein oase midt i ein stor ørken fem timar sør for Lima. Idyllen er slåande, men det som trekker turistar er noko mykje meir actionfylt. For 40 kroner får ein køyre ein ørken-buggy og prøva seg på sandboarding i to timar. Det gjorde me òg.
Ørken-buggy går ut på at ein har ein ørken med sanddyner og ein køyredoning som er eigna for sandråning. Sjåføren køyrer ei rute mellom sanddynene, slik at dei som sit på får rista seg skikkeleg. På toppen av ei sanddyne blir turistane slept av for å koma seg ned sanddyna på eige hand, med hjelp av eit sandbrett.
Det er to måtar ein kan koma seg ned sanddyna med sandbrett på; ståande på brettet eller liggande på magen. Etter kvart som me blei frakta til den eine sanddyna større enn den andre, prøva eg stort sett å halde meg standande på brettet. Og det med god grunn, for når ein ligg på eit brett som susar ned ein bakke i vill fart, så skal det ikkje store dumpen til før ein flaksar og glepp taket på brettet. Det fekk Whiteny smereteleg erfare då ho glapp brettet og byksa kast i kast fleire meter nedover. Det såg stygt ut, men det gjekk heldigvis bra. Ben, Chad og Jackie har òg minner frå sandbrettet i form av blåmerker og øydelagde trøyer. Michel stua foten i løpet av turen, så den einaste som kom tilbake til Lima i like heil stand som då me reiste var meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar