Når grønt blir raudt og raudt blir grønt
Peru er bakvendtland. Vatnet snurrar feil veg i når ein dreg ned i do eller trekker ut proppen, nord er varmt og sør er kaldt og dei godt vaksne spansklærarane mine har framleis innetid om kvelden heime hos mor og far. Trafikken er opptil fleire kapitel for seg sjølv. Denna venda skal de få høyre korleis grønt blir raudt.
At trafikken i Latin-Amerika ikkje gjeng for seg like ordna formar som i Noreg, er ikkje noko sjokerande bombe. Her er det om å gjera å koma fram så fort som mogleg. Den som får støytfangaren lengst fram i krysset har vunne, og kan køyre vidare, medan resten må stoppe.
Ljoskryss finst. Men skal ein manøvrere bil i ljoskryss er det viktig at ein kjenner til dei lokale skikkane.I resten av verden betyr raudt ljos som regel "stopp" og grønt ljos "køyr". Det er bestemt av FN. Men Peru er ikkje kjent for å følgje allmenne reglar og normer, heller ikkje når det gjeld trafikkreglar.
Det er eigentleg ikkje lov til å køyre med promille i Peru, men det skjer. Ganske ofte, desverre. Dei som køyrer med promille er som regel endå sløvare med å følgje reglane enn resten av dei gale bilistane. For eksempel blir stoppe-på-raudt-ljos-regelen ignorert i blandt.
Dei limanske bilistane, som er edru, har for lengst lært seg at bilar ofte køyrer på raudt, så dei bremsar godt ned når dei nærmar seg enkelte grøne ljos. Det hender til og med at dei stoppar. Sidan det blei ein vane å stoppe på grønt, så fant peruanarane ut at det var fritt fram å køyre gjennom lyskryssa på raudt, særleg på nattestid.
Dermed har raudt blitt grønt og grønt blitt raudt - stikk i strid med FNs vedtekter. Er det rart eg er meir bekymra for trafikkulykke enn å bli rana?
(Det fantastiske trafikkljoset på biletet er nok ikkje frå Lima, desverre)
1 kommentar:
Hola Signe!
Si ya me parecia raro ver ese semaforo en Lima, como que no encajaba con mis recuerdos. Que cursos vas a llevar en la PUCP? nos vemos en Agosto!. Pasala bien y si hace frio escapate a Chosica o a las siempre ardientes playas del Norte. Suerte en todo! Brando
Legg inn en kommentar