Brasil
No har eg bytta land, og kome meg to timar nermare norsk tid. Halv sju fredags morgon køyrde semi-sengbussen (eg kunne velge mellom vanleg, semi-seng og sengebuss) over brua som knyter Florianópolis til fastlandet. Målet var endeleg nådd etter 36 timar dagar på reisefot.
Mitt første inntrykk av Brasil er at folka er varme, glade og hjelpsame. Folk eg spør om vegen kan ikkje engelsk, og poco spansk, men det gjere ingenting! Me snakkar kroppsspråk og "portuansk", så gjeng det bra. Bussjåføren - på bussen som eg ikkje skulle ta, følgte meg rundt heile terminalen for å vise meg kvar bussen min gjekk frå. I Saõ Paulo blei eg guida på metroen av ein triveleg familie, og på bussen til Florianópolis skravla eg halve vegen med ein gut frå Florianópolis som forklara alt eg ikkje visste at eg ikkje visste om Brasil. Derfor fekk eg ikkje sove så mykje som eg hadde venta den natta heller.
Det var veldig trivleg å møte Diogo att. Han bur i ein liten leiligheit i lag med søstera Joana ikkje så langt frå universitetet. Akkurat no bur onkelen og kjærasten òg i leiligheiten eit par dagar, og på onsdag kjem mor deires på besøk. Då blir det fullt hus!
I helga reiste me, eg, Diogo, Joana og Paulo - ein fetter, til ein liten by som heiter São Francisco do Sul. Der har Diogo og Joana ein eldgamal bestefar i ein stor hage, og Paulo har ei bestemor (på andre sida av familien) i eit eldgamalt hus overlessa med veggur og andre duppedittar. I tillegg har slekta til Diogo og Joana eit sommarhus like ved stranda. Der sov me, men me bada ikkje stort for me kom ikkje til stranda før sola hadde gått ned, og dagen etterpå var det kaldt. Det er vinter her, veit de.
Eg har vore så lur å ta med meg kamera utan ladar og minnekort til Brasil. Derfor har eg ingen bilete av bestefaren, bestemora, fiskarfestivalen som var i ein naboby eller av strandhuset, så de får klare dykk med eit kart over Brasil så lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar