På 'an igjen
No har eg sagt hadet til Florianópolis, 42 krittkvite strendar, sol, varme, brasiliansk mat, samba, Diogo og heile den trivlege familien, til fordel for tåke, fuktigheit og regaton i kalde og støyete Lima.
Dei siste dagane i Brasil blei stort sett bruka til å reise til stranda og sjå på hus. Grunnen til at me såg på hus var at mor til Diogo kom for å leite etter ein framtidig bustad, no som faren er pensjonert og ungane flytta ut. Så saman med mora, Joana, ein onkel og kjærasten (dei hadde tidlegare plukka ut dei mest aktuelle) tråla me store og små hus på leit etter det perfekte huset, som viste seg å ligge tvers over vegen for ein slektning. Veldig fint hus, med ein eigar som kasterar kattanane for at dei skal bli meir humane i det neste livet. Poca loca la señora, men huset var lekkert.
Den seiste dagen fekk me til og med rusla litt. Eg, Diogo, kjærasten hans Liga (håpar det var rett skrive, uttalast i alle fall Lisja) ei vennine av Liga og fetter Paulo gjekk to timar gjennom jungel og stikkande kaktus før me endeleg kom fram til ei lekkersmekker sandstrand. Desverre var hadde me motvind uansett kvar me sette oss, så i staden for å bli fulle av vatn, så fekk me sandstorm i andletet kvart femte minutt. Eg var likevel strålande nøgd med litt rusling!
Ellers kan eg informere om at den brasilianske maten er veldig god, det er vanskeleg å danse samba, Sør-Brasil er ein annan verden enn andre delar av Latin-Amerika og at strendane rundt Florianópolis er vakre, men no for tida er vatnet kaldt.
I morgon er første dagen på universitetet. Eg gledar meg, eg.
2 kommentarer:
I am crossed to Vinje to say hello to your parents. I had knowledge of your blog by your mother who communicated me the address. Your blog is great! Bravo. God Tur og hilsen fra Sunniva
I am crossed to Vinje to say hello to your parents with my husband. I had knowledge of your blog by your mother who communicated me the address. Your blog is great! Bravo.
God Tur og hilsen fra Sunniva
Legg inn en kommentar