Student? Ja visst.

Etter tri månader med sommarfeire og fjasing hadde eg nesten gløymt årsaken til at eg reiste til Lima, som utvekslingsSTUDENT. Det betyr å gå på universitetet, ta fag, finne fram på totalt framand campus, stå opp tidleg, få rutiner, kjøpe pensum, lesa pensum og ikkje minst forstå pensum.

Men studentlivet betyr òg å bli kjent med nye folk og få nye venner både frå Peru og resten av verden. La Catolica er ganske glad i utanlandske studentar, så i desse dagar ynglar det av forvirra asiatar, gringoar og utlendingar frå alle moglege nasjonar som kopar rundt og prøvar å finne forelesingssal, toalett, datamaskinar, informasjonskontoret for utlendingar, betalingsskranken, idrettskontoret og bokhandelen.

Dei utlandske studentane klyngar seg saman automatisk, og gjerne land for land. Japanarane ruslar i hop, amerikanarane har sin store gjeng, spanjolane bur i same hus, og eg har hengt dei siste dagane i lag med Hanne, som òg går på universitetet i Bergen. Det berre blei slik. Og sjølv om alle sammen er heilt fantastiske menneske, så har eg mest lyst til å bli kjent med peruanarar. Eg har lova meg sjølv å gjera ein innsats på det feltet i morgon.

La Catolica er eit stort universitet i ein romsleg campus, og med høg standard. Campus er sett i hop av fleire fakultet omringa av grøntområde, rosehagar, kaféar og blomster. Rundt om kring slappar studentane av på den velklypte plenen, eller dei slår seg ned på benkar som er satt opp langs dei hellelagte stiane som går mellom bygningane. I eine enden av campus er ein stor idretshall, der ein kan brenne kaloriar i treningsstudioet eller trene kva sport ein vil. Og i motsetning til doane på Ulrike Pihls hus (lesesalhuset for dei som ikkje studerar i Bergen), så doane på la Catolica utstyrt både med såpe og toalettpapir!

Undervisinga skjer i aulaer som liknar på klasserom. No har eg berre hatt ein time, så eg kan ikkje seia så mykje om undervisinga endå, men eg har eit godt førsteintrykk. Den første veka kan eg hoppe frå fag til fag som eg vil, for å finne ut kva eg synest er bra eller ikkje. Planen min er å ta to geografifag; eit som handlar om andinsk og amazonisk geografi og eit som handlar om populasjonen i Peru. I tillegg vil eg prøve å lære meg litt quechua, som er eit indianarspråk snakka av mellom 4 og 5 milionar peruanarar, og kanskje ta eit historiefag eller antropologifag som tek for seg peruansk og latin-amerikansk kultur. Me får sjå.

Ingen kommentarer: