Bildespesial
Sidan maskina mi har tatt kvelden for godt har eg litt problem med å leggje ut bilde på nett, for no har eg mange bilete å vise. Derfor slenger eg ut nokon her på bloggen min i frå geografi-pcane. Trykk på bileta for å sjå stor versjon.
Bileta som de om kort tid kjem til å sjå er frå ei intern fotballturnering på fakultetet, tur på stranda og familie-olympiade med familien Palacios.
Fotballturneringa kan eg røpe, blei vunne med glans av geografijentene, medan gutane ikkje nådde heilt opp. Dermed stakk me av med tri kasser med øl framfor gråtande og slitne linguistikk- og litteraturjenter. Dei var litt furtne fordi me var tri utlendingar (ei spansk og to vikingar) på laget. Integrering, kalla me det.
Bilete 1: Sigerslaget bak frå venstre; Gilda, Claudia, Inma, Hanne, Miguel (fungerte som trenar) , Framme: Paola, Illari, Marines og meg. Bilete 2: Det fantastiske grøne geografitrøya . Bilete 3: Ikkje noko fotballturnering utan skader. Gilda braut fingeren. Bilete 4: Frispark i finala. Eg og Hanne laga ugjenomtrengelig mur.
Strandturen var i samband med bursdagen til Inma (ho spanske). Det har vore mange bursdagar og overraskingsfestar i det siste, forresten. Den siste blei feira på stranda, for det var heilagt den dagen. Dermed stua me oss sammen i to bilar og satte kursen sørover.

Eg har ikkje lyst til å publisere så mange strandbilde, slik fordi eg veit ikkje om folka på bilda har så lyst til å bli lagt ut på internet. Derfor; Bilete 1: Fotflørt. Bilete 2: På vegen heim sovna Miguel og brukte ubevist tærne mine som pute. Dagen etterpå klypte han håret. Bilete 3: Det er måker og store bølger på strendane i Peru.
Familieolympiada blei arrangert av HEILE den store familien til Brando, og dei er mange. Me hoppa (ganske slitne etter å ha sove to timar natta før) på bussen og køyrde til ein klubb. Der var det grilling, volleyball, fotball, tautrekking og diverse andre leikar, som ei slags jolefeiring og for at alle ungane skulle ha det moro. Og alle ungane, frå 2 til 80, hadde det frykteleg moro.


Bilete1: Sprett-Hanne spilar volley. Bilete 2: Equipo rojo (det raude laget) klart til dyst. Bilete 3: Volleyspilande slektningar til Brando. Bilete 4: Tautrekking gjekk hardt for seg. Far Palacios gav av heile seg. Bilete 5: Taughopping. Det var lenge sidan sist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar