Fotball


I dag var eg på fotballkamp i lag med Hanne og Miguel. Miguel er ihuga alianzasuporter, saa derfor trassa me farer for ran og valdlege samanstøyt og reiste på stadion.

Fotball i Peru er eit ganske spennande fenomen. For det første var motstandardane til Alianza kledd opp i knall rosa drakter, og hadde hasjplantelogo paa banneret sitt. Desutan heiter dei Boys. Spelet var ganske midt på treet, og bar preg av veldig mange knall og fall utan at det var noko særleg mange samanstøyt aa snakke om. Filming er dei gode på, fotballspelarane i Peru. Bårelaget maatte springe ut paa banen seks gonger, om eg ikkje talte heilt feil, for å frakte spilaren ut. Eit halvt minutt seinare sprang han ut på banen, frisk som ein fisk. Raude kort var det relativt få av denna under denna kampen. Berre eitt, faktisk (under fotballkampen mellom Peru og Chile blei det dela ut fire). Det blei vifta med ein del gule kort, men småknuffinga mellom fotballspelarane var ikkje noko saerleg å skrive heim om denna gongen. Ikkje blei det småknuffing mellom suportararne etter kampen heller.

Til slutt vil eg nemne at det var dei rosa mennane som stakk av garde med sigeren 2-1, sjølv om det er Alianza som ligg til rette for å vinne ligaen. Ligaen er delt opp i to delar, der det beste laget frå første runde møter det beste laget frå andre runde i finalen. Hadde Alianza vunne i dag, så hadde det nok ikkje blitt noko finale, for det var Alianza som var best i förste runde.
(Bileta er fritt klypt frå diverse nettstader. Eg hadde ikkje med meg kamera på kamp, men det var ikkje så ulikt)

Ingen kommentarer: