Eg har sett fleire snømenn en deg

At det nærmar seg jol i Peru er det liten tvil om. Her er det djingelbels, joletre, englar som dalar ned i skjul, jolenissar, joletre, blinkande ljos - ofte med pipande jolemusikk og snømenn på kvart einaste gatehjørne.

For meg verkar joledekorasjonen i Lima like malplasert som ei stråhytte på nordpolen. At folk dreg inn eit tre i stoga, er mystisk i seg sjølv, men det gjer me no alle sammen. Det som ergrar meg er den globale sanninga om at joletreet er eit grantre (bortsett frå for mormor og morfar som aldri sviktar furua). Sidan grantreet er ein ikkje-eksisterande art i Peru, så har alle sammen plastikkjoletre som snurrar rundt og pip jolesongar i utakt med dei blinkande ljosa og liksomsno på liksomgreinene.

Jolenissen er den same coca-colanissen som har høgsessong i desember over heile verden, godt pakka inn i raud topplue, vottar, sjegg og raud frakk (ein må passe seg for å fryse, slik sidan det er sommar). Snømenn er òg eit fenomen som høyrer jola til. Rundt om kring i byen har eg sett opptil fleire ulike oppblåsbare snømenn utanfor butikkar og hus. Og har eg forstått verspåmennene og -kvinnene rett, så er det lettare å finne snømenn i Lima enn i Noreg for tida. Då eg og Florian - min tyske leiligheitskamerat - handla inn grillmat og grillkol til ein fest her om dagen, høyrde me "I´m dreaming about a white christmas" over høgtalaranlegget. Det skar seg i øyro mine.

Også var det jolematen då. Jolemat i noreg er tradisjonsrik mat. Jolegrisen som blei slakta. Jolefisken som blei fiska. Pinnekjøtet blei hengt i buret. Her i Peru skulle ein tru dei åt ceviche, ein eller annan potetrettt eller noko anna ur-peruansk, sidan det peruanske kjøkenet er veldig mangfaldig - her har ein tilgang på ulik type mat frå hav til jungel og fjell. Men til jol et dei kalkun.

Alt er falskt. Alt er amerikansk. Og det ser ut som at for peruanarane er det HEILT naturleg. Eg spurde nokre venner korleis dei feira jol for hundre år sidan. Det var ingen som visste.

Derfor ser eg fram til å koma heim til fjøsnissen, mandelen i grauten, eit ekte grantreluktande joletre, dei sju kakesortane, grevinna og hovmeistaren, pinnekjøtet, fisken og fiskesuppa og det heimebrygga ølet.

1 kommentar:

Elin sa...

og snoen :)