Kavalkade
Dett var dett. Tysdag var siste dag som latin-amerikanar. Onsdag var eg reisande og torsdag blei eg norsk på nytt. No er eg tilbake i Vinje, klar til jol. Nesten. Må berre handle litt gåver og slik først.
Den siste veka i Peru var ganske trist. Eg begynda å grue meg til å reise der i frå lenge før kofferten var pakka. Toppen på gruinga kom då me sa hadet til Inma på flyplassen. Då det var eg som skulle reise forstod eg det på ein måte ikkje.
Ikkje før eg hadde vinka ein siste gong til Miguel, Hanne og Florian på flyplassen. Då gjekk det opp for meg at halvåret mitt var slutt. Eit heilt fantastisk halvår med mange nye venner, nye opplevingar, mange turar, og nye erfaringar. I dessa kavalkadetider gjev eg meg lov til å lage eit aldri så lite tilbakeblikk sjølv.
Juni: Hadepåbadet Bergen, Vinje og Noreg. Peru: Her kjem eg! Eg kom, såg meg rundt og såg eit kaos av bilar, menneske, combiar, taxiar, ticoar, støv og bråk...og eg var berre vesle meg som ikkje visste kvar eg skulle gå eller kva eg skulle finne på. Eg fant fort eit spanskkurs og dermed var eg i gong.
Juli gjekk med til å gå på språkkurs for å perfeksjonere spansken min. Der Aldri har eg ledd så mykje i ei klasse som i spanskklassene. Og me lærte ikkje berre gramatikk, me reiste på byturar, besøkte barneheim og i samband med 28. juli laga me skodespel. Eg var inca. Med nokre av medstundentane reiste me til oasen Huacachina for å stå på sandbrett og slappe av i sola.
Huacachina
På la catolica starta undervisinga i august. Eg tok til slutt eit fag i quechua og tri i geografi. Den fantastiske geografiklassa er ein kjempegjeng og eg kjem til å sakne dei mykje.
På bildet geografane Gilda, Andrea, Paola, Elizabeth, Miguel, Inma og Maria Lucia
I løpet av september hadde me ein del uhell i leiligheiten av type straumen forsvann. Eit par gonger har me også hatt over 20 liter vatn utover glovet, takk til ei ustabil vaskemaskin.
Me blei og invitert til ein landsbyfeset i den vesle landsbyen Chipao i Ayachucho. Der var det saksedans, chicha de jora og mange landsbyfolk. Me utlendingane blei kalla "våre venner turistane" og blei satt stor pris på. Det satte me òg pris på, igrunn.
I oktober reiste eg mykje på tur med geografifaga. Først ein tur til Piura. Der såg me på ein landbruksskule, vitja Ecuador, kom nesten ikkje inn att i Peru og reiste på stranda. Etterpå reiste eg med ei anna klasse til ein gruvelandsby i Huancavelica.
Desember var avslutningsmånaden. Biletet over er av Inma, la profesora Nicole Bernex, meg og Elizabeth seiste dagen på universitetet. I tillegg til intensivt geografiarbeid fekk me og tid til å spela litt fotball. Når premien er tri kasser med øl så er insatsen god. Til høgre ser de vinnarlaget.
Så var det heim att til dessa omgjevnadene:

La misma casa está en el mismo lugar de siempre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar