Tambogrande

Denne meldinga kjem frå den skikkelege felten. Frå bygda, bondelandet, det rurale, Tambogrande.


Tambogrande er ein liten by halvannan time frå Piura med buss, der dei aller fleste er på eit eller anna vis knytt til landbruk. Og dei fleste bøndane har ein eller fleire hektar med mangotre, noko som passar meg veldig bra, for alle som eg snakkar med kan dermed eit eller anna om mango.

Det fins mangobøndar i alle storleikar, frå dei store bøndane med fleire hundre hektar til småbøndar som må greie seg med 1-5 hektar, og alle i mellom. Eg brukar tida mi til å putre rundt bakpå ein motorsykkel og snakke med dei minste bøndane. Det er eigentleg ganske koselig, sjølv om bakenden ikkje er like vand med motorsykkelferdsel på humpete vegar. Han som køyrer motorsykkelen er min asistent Hérnan. Han arbeider delar av året i ein mangopakkefabrikk som tanta til Miguel har, og det var ho som tipsa meg om at han er ein påliteleg fyr. Og det hadde ho heilt rett i.

Bøndane me møter på vår veg er som regel veldig venlige og svarar så godt dei kan på alle dei rare spørsmåla som denne gringaen stiller på halvgodt spansk. Det hender dei trur eg kjem frå eksportbedrfiter eller utviklingsorganisasjonar, og då blir dei med ein gong skeptiske og lurar på kva eg vil vite, kva eg skal bruke svara til, og kva får dei att for å svare. Så fort eg forsikrar at eg ikkje kjem til å gje dei nokon ting som helst, så roar dei seg og let seg intervjue. Dei er alltid bekymra for å bli lurt og ikkje få det som blir lova, så når eg lovar at dei ikkje får nokon ting frå meg, så har dei heller ikkje noko å miste

Biletet er frå mangohausting for eit par veker sidan. Stigen er eit av dei mest avanserte hjelpemiddela dei har.

Hinder i vegen

Det går sakte framover med forskinga no. Her er dei største hindera eg står framfor på min veg til eit vellykka feltarbeid.

BLØFFING
Eg kjem meg ikkje ut av Piura. Eg har snakka med mengdevis med institusjonar i sjølve byen, medan kontaktar som først lova både bøndar og mangotre ignorerar meg glatt. Til dømes lova leiaren av ein bondeorganisasjon at han skulle vise meg den tilknytta eksportbedriften. Og der skulle eg møte ei lokal jente som skulle kunne sette meg i kontakt med produsentane. Eg skulle berre sende han ein e-post for å avtale nøyare når me skulle møtast. Som sagt så gjort. Ikkje noko svar på e-posten. Eg sendte melding og fortalde at han hadde fått e-post. Framleis ikkje noko svar. Eg slo på tråden - og blei lagt på. Dermed; ikkje nokon tur.

I dag har eg derimot besøkt ein av dei eldste mangopakkefabrikkane i området. Der var dei veldig hjelpsame og skal prøve å ta kontakt med fleire moglege kontaktar. Så no begyndar det å skje ting. Vonar eg snart kan oppdatere om mangobøndar på alle kantar.

STREIK
Det andre hinderet er eit meir konkret hinder; streikande bønder. Streiken hadde gått meg hus forbi, hadde det ikkje vore for at dei streikar midt i vegen. Det betyr at det er vanskelegare for meg å koma meg til landbruksområda. Eg trur årsaka til streiken er nye reglar om vassfordeling, og at bøndane tapar råderett over elver. Eller noko slik.

Derson eg har forstått situasjonen rett, så synest eg det er litt underleg at bønder stoppar trafikken for å protestere mot ei lovendring. Det går mest utover dei sjølve. For det første er det midt i haustingsessongen for mange produkt, og dersom bøndane brukar tida på å streike enn på å hauste, så blir det mindre å selje. For det andre er mesteparten av produksjonen i dette området retta mot eksport. Når ein stenger vegen, så kjem ikkje landbruksvarene til havenene. Det går utover eksportbedriftene, som til slutt slår tilbake på bøndane sjølve. Styresmaktene, som protestane er retta mot, køyrer som regel ikkje rundt på desse vegane i det heile tatt, og blir dermed ikkje veldig hardt påverka av klagene.

SELSKAP
Eg har tidlegare klaga over at einaste selskapet eg har er skuggen min og innpåslitne, sleske gutar. Det er ikkje slik lenger. No har eg leigd eit rom i eit trivleg nabolag, der det tilfeldigvis bur fleire utvekslingsstudentar og frivillige arbeidarar. Brått blei eg del av ein internasjonal gjeng, med folk frå Peru, Nederland, Sveits, USA, Korea og Belgia. Det er stas å ha nokon å skravle med om kvelden. Problemet er berre at det for blir litt for mykje sosialisering litt for seint på kvelden. Dermed kjem eg meg ikkje alltid opp og ut like tidleg om morgonen som eg gjorde før. Her kan eg berre klage på meg sjølv, men på same tid kan eg gjera noko med det sjølv òg. Streikande bøndar og bløffande organisasjonar er utanfor mi rekkevidde å fikse.

Lenge leve ineffektiviteten!

Torsdag etter lunsj fann eg vegen til politistasjonen for å anmelde dessa vassballongkastande gutungane som hadde ført til at mp3-spelaren min oppførte seg unormalt (les førre innlegg).

Eg blei vist inn på eit rom. Der sat to menn i uniform bak kvart sitt skrivebord. Eg la ut om historia mi til den eine mannen, og han noterte alt med raud og svart farge og stor flid i ei notatbok. Då han hadde forsikra både seg sjølv og meg om at han hadde fått all den informasjonen han trong, gav han beskjed om at eg måtte betale 3,5 soles (det er omlag 7 kroner) i kopieringsgebyr. Den var grei, tenkte eg, og tok meg til lomma der lommeboka låg. I det eg drog fram lommeboka sa mannen at betalinga måtte gjerast i ein spesiell bank, og den banken låg i sentrum. Så skulle eg koma tilbake med kvitteringa, slik at dei kunne ta kopi av notatsida han hadde gjort.

Turen fram og tilbake til sentrum kosta meg 5 soles. Det var altså dyrare å ta taxi til banken og tilbake enn det var å betale gebyret på 3,5 soles. Då eg kom tilbake til politistasjonen og vifta med kviteringa såg dei på meg og sa at kopieringskontoret ikkje opna før klokka fem. Det var ein time til. Då klokka blei halv seks kom det ein mann og slapp meg inn på eit kontor der det var ein pult og ei skrivemaskin, slik ein gamaldags. Han såg på forklaringa mi som stod nedskriven i notatboka, grynta, og gav meg ein lapp i det han sa "kom tilbake i morgon før klokka to".

Då var klokka slagen middagstid, så noko meir intervju fekk eg ikkje gjort den dagen. I staden reiste eg heim til til rommet mitt, fant fram den stakkars mp3-spelaren, strauk han over knappane og slo han på. Eg måtte på eit vis sikre meg at han var like kokko i dag som i går. Forbausa kunne eg konstatere at han verka akkurat som han skulle. Eg kunne spela akkurat den songen eg berre ville og alle knappane responderte som dei skulle. Det blei eg veldig glad for, men at dagen hadde vore bortkasta var det ingen tvil om.

Tenk om politimannen hadde hatt ei datamaskin, ein skrivar og eit kasseapparat?! Hadde det ikkje vore for ineffektiviteten, så hadde eg kunna vitja landbruksdepartamentet den dagen. Men hadde det ikkje vore for ineffektiviteten så hadde ikkje politimannen med skrivemaskina hatt nokon jobb. Taxisjåføren hadde hatt ein kunde mindre, og banken i sentrum (der alle som vil anmelde noko må innom), ville kanskje ha halvert staben. Så hurra for innefektiviteten! (sjølv om det er litt irriterande til tider)

Forskingsframgang, tvangssosialisering og dritungar

Veit at bloggen min har vore lite aktiv for tida, og at eg derfor har mista mange lesarar, men eg publiserar no nytt her likvel. Eg veit at det er nokon der ute i den vide verda som sjekkar han av og til.

FORSKINGSFRAMGANG
Etter ein god start på forskinga mi, med avtaler og intervju kvar dag, så har det roa seg noko ned no. Eg har snakka med organisasjonar som organiserar mangobøndar, bistandsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og styresmakter. Det som manglar mest av alt er bøndane sjølve. For å koma meg ut i landbruksområde prøvar eg å få tak i fleire organisasjonar som organiserar bøndene. Det tek litt tid, men eg trur eg kjem tid snart. Folk er som regel veldig engasjert, og har alle moglege "gode" idear til korleis eg skal løyse oppgåva. Det manglar ikkje på kontaktar for å seia det slik, men eg må sortere litt, og held meg mest til eit nettverk med "profesjonelle" aktørar.

SOSIALISERING
Ellers går det greit. Livet som forskar er noko einsamt i lengda, men eg fant ut at det i grunn er heilt ok. Særleg sidan dei einaste samtalene eg har hatt med lokal ungdom har vore med gutar/unge menn som har intens lyst til å bli venn med meg. Sjølvsagt fordi eg er bleik i huda, har blonde krøllar og truleg mykje pengar. Det er veldig lett å gjenomskode opplegget, sjølv om dei trur dei er verdens don juan og skal hjelpe meg med alt mogleg. Når eg går rundt slik, med ein kar, halsande på slep som skal vise vegen til biblioteket eller få tak i taxi for meg, så tenkjer eg at det slettes ikkje er så gale å vera aleine. Og når det viser seg at dei eigentleg ikkje veit vegen til biblioteket eller når det er eg som får tak i taxien og avtalt pris på eiga hand, så smiler
eg med skadefryd inni meg og konstaterar at eg eigentleg trivs i selskap med meg sjølv. Sjølv om det hadde vore fint å hatt skikkelege vener her.

DRITUNGAR
På vegen heim frå eit mislykka intervjuforsøk (vedkommande var ikkje inne, og kom heller ikkje før mykje seinare) møtte eg ein gjeng gutungar, rundt 15 år gamle og væpna med vassballongar.

"Dei kan berre prøve seg", tenkte eg. Og det gjode dei.

Eigentleg hadde eg ikkje så mykje i mot å bli våt - det var ein varm dag og kleda tørka fort. Det eg derimot hadde noko i mot, var den vassballongen som sprakk like over lomma der eg hadde putta mp3-spelaren som eg fekk til jol, og som eg har nytta til å ta opp intervju med. Den fine teknologien innanfor det lekre designet tolte ikkje påkjenninga. No spelar han Solitary Man med Jonny Cash av seg sjølv, og berre Solitary Man, og går heilt amok gjenom menyvala. Dritungar. No skal eg ned på politistasjonen for å melde dei. Ikkje at eg trur at det får konsekvensar for dei, men eg kan håpe at det får konsekvensar for meg i form av forsikringutbetaling.

Piura

Gode lesarar. Eg i Piura no. Det tok si tid å koma hit fordi eg prøva å få med meg ein asistent frå Lima. Der var det veldig mykje godvilje å hente, men folk er travle der òg (sjølv om det er sommarferie), så det var ingen som kunne bli med meg i går. Dermed tok eg sekken på ryggen og reiste opp aleine, så no er eg her endeleg. Tida i Lima bruka eg til å vitje nokre forskingsinstitusjonar som forskar på slike ting som eg òg forskar på, så heilt meiningslaus var ikkje dagane i Lima likevel.

No er eg altså i Piura, og her er det varmt. Eg kjenner alt no at tankekapasiteten er omvendt proporsjonal med temperatur over 20 grader, og det bekymrar meg litt, men eg trur det er ei tilvendingssak. Uansett skal det arbeidast. Eg har fått ein del avtaler med professorar og folk som gjenom sin profesjon har greie på landbruk og på Piura, og dei skal eg vitje i næraste framtid.

Snipp snapp snute, eventyret er slettes ikkje ute, men det er tida mi på internettkafeen. Heng med. Eg kjem tilbake med meir spennande nytt etter kvart som eg kjem djupare ned i materien.

På farta att: No i Lima

No hadde eg skrive eit gørrlangt innlegg. Lagt ut om flyturen, nyårseftan og framtidsplanane mine, og så slår maskina seg vrong og slettar heile innlegget. Derfor nøyer eg meg med å skrive at eg er tilbake i Peru for å gjera feltarbeid om bønders koplingar til ulike marknader. Det skal eg gjera i Piura, men først skal eg vera eit par dagar i Lima for å aklimatisere meg litt.

Flyturen var lang, men gjekk greit og eg har det bra. Bortsett frå at eg er svolten og trøtt, men det har eg tenkt å rette på no.

Det kjem snart meir.

Signe