Para los que hablan español

Desde ahora voy a poner el blog al día en español mas seguido. Hoy es el día de la patria en Peru y yo celebro el dia en casa con un mal estomago. Tal vez voy a una barbacoa mas tarde, pero todavia no se.

En este blog escirbo cosas que me pasa en mi vida peruana. Recien he terminado mis cuatros semanas en la escuela de español El Sol. De verdad me gustaría continuar estudiar en el Sol, porque los profesores y los otros alumnos me cayeron muy bien, pero doy preferencia de ir a Brazil para visitar Diogo. Por supesto voy a contar de mi viaje aqui.

Mientras esperen las noticias del viaje pueden ver las fotos que ya he tomado. Las encuentran en los enlaces que se llaman fotos y my space. Hay fotos del fin de semana en Huacachina y el paseo nocturno con el Sol.

Huacachina

Endeleg har eg kome meg litt ut av Perus bråkete og skitne hovudstad. Laurdags morgon sette eg og fem andre nord-amerikanarar (med dei klingande navna Ben, Jackie, Chad, Michel og Whiteny) kursen mot Huacachina.

Huacachina er ein oase midt i ein stor ørken fem timar sør for Lima. Idyllen er slåande, men det som trekker turistar er noko mykje meir actionfylt. For 40 kroner får ein køyre ein ørken-buggy og prøva seg på sandboarding i to timar. Det gjorde me òg.

Ørken-buggy går ut på at ein har ein ørken med sanddyner og ein køyredoning som er eigna for sandråning. Sjåføren køyrer ei rute mellom sanddynene, slik at dei som sit på får rista seg skikkeleg. På toppen av ei sanddyne blir turistane slept av for å koma seg ned sanddyna på eige hand, med hjelp av eit sandbrett.

Det er to måtar ein kan koma seg ned sanddyna med sandbrett på; ståande på brettet eller liggande på magen. Etter kvart som me blei frakta til den eine sanddyna større enn den andre, prøva eg stort sett å halde meg standande på brettet. Og det med god grunn, for når ein ligg på eit brett som susar ned ein bakke i vill fart, så skal det ikkje store dumpen til før ein flaksar og glepp taket på brettet. Det fekk Whiteny smereteleg erfare då ho glapp brettet og byksa kast i kast fleire meter nedover. Det såg stygt ut, men det gjekk heldigvis bra. Ben, Chad og Jackie har òg minner frå sandbrettet i form av blåmerker og øydelagde trøyer. Michel stua foten i løpet av turen, så den einaste som kom tilbake til Lima i like heil stand som då me reiste var meg.

Frigjeringsdag i sikte

Fredag 28. juli er det 185 år sidan San Martín frigjorde Peru i frå spanjolane, og det let ikkje peruanarane gå forbi utan å markere littegranne. Ein heil del, faktisk.

For det første så ser ein at det nærmar seg los dias patrias fordi heile Lima flaggar. Taxiane har taxiflagg, husa har vanlege flagg, ein får kjøpt slikkepinnar i perus fargar og alle gjeng rundt med små pins forma som ei raud og kvit sløyfe.

For det andre skjer det ting rundt om kring i byen. Fredag arrangerte skulen ein Lima-by-night-tour i samband med frigjeringsdagane. På La plaza de San Martín hadde to orkester funne vegen for å varme opp til neste fredag. Sjølv om ti gringoar vekkjer mykje oppsikt i seg sjølv, så gjorde me i alle fall det då Chad (ein godt synleg USAer) begynda å danse på Plazaen. Det var ikkje så mykje anna å gjera enn å danse med. Seinare på kvelden såg me eit show med tradisjonelle dansar frå Peru.

24. juli har peruanarane òg gjeve eit nasjonalistisk innhald. I dag er det nemleg piscoens dag. Pisco er ein type brennevin frå Peru, laga av nokre spesielt søte druer. Av Pisco kan ein laga drinken Pisco Sour, som nærmast er perus nasjonaldrink, nest etter chicha (maissaft) og inca cola (gul brus med tyggegummismak - like populær som coca cola). Måndag var altså dagen for å heidre piscoen, og dei blei gjort med pomp og prakt og sceneshow på hovudplazaen La Plaza de Armas. Der hadde dei, i følgje ryktene, bytt ut vatnet i fontena med pisco, og rundt fontena hadde dei sett opp bodar slik at ein kunne kjøpe rein pisco på flaske til 20 kroner, eller eit glas pisco sour til 10. Ingen vanlege folk fekk sleppe inn mot sjølve fontena, så eg har ikkje fått stadfesta om det faktisk var pisco som rann i fontena i kveld. Eg kjøpte ei flaske med den blanke væska i staden, så skal de få smake når eg kjem tilbake til Noreg.

På fredagen, er det som sagt nasjonaldag. Det betyr tri ting for peruanarane:
1: Fri frå jobb og skule både fredag og laurdag.
2: Reising. Fridagane blir nytta til å reise til ein eller annan del av landet. Dermed har prisane på tur og overnatting den helga mangedobla seg, og bilettar og hotellrom er utsolgt for lenge sidan. Det er berre å gløyme å finne på noko moro utanfor Lima neste helg.
3: Presidentskifte. Peru har nettopp valt Alan Garcia til å styre landet dei neste 5 åra. Garcia har vore president før, frå 1985 til 1991 (trur eg). Den gongen køyrde han økonomien og landet rett i dass, men no har han fått ny tillit.
Bilet: Pisco Sour, Chicha morada og Inca Cola

Show, Huacachina og Pisco

Det er ei beite sidan eg har oppdatert bloggen. Det er to årsaker til det: Først skjedde det ikkje så mykje å skrive om, så skjedde det så mykje at eg ikkje har hatt tid til å skrive om det.

Eg har ikkje så veldig mykje tid akkurat no heller, for i dag (24. juli) er det piscoens dag. Me har høyrt at fontena på plazaen skal sprute pisco og ikkje vatn i kveld, så det skal me sjekke ut om stemmer. Eg skal fortelje meir om pisco og piscoens dag seinare.

Ellers så har me vore på kulturelt show og sett dansar. Eg tok med kameraet og fekk eit par gode bilete. Dei kan de sjå på bilet-linken til høgre. Der kan de og sjå eit par bilete i frå Huacachina, som er ein oase midt i ein ørken fire timar sør for Lima. Dit reiste eg i helga i lag med ein haug gringoar frå USA og Canada. Meir om Huacachina kjem òg seinare. No må eg springe.

Chau chau

Ureiningsindikator

Dersom ein kan måle graden av forrureining av å sjå på fargen på det ein samlar opp i nasa, så kan eg stadfeste det dei fleste alt veit; Lima er ikkje noko sunn by.

A day in a life

Etter to veker i Lima føler eg at eg er ganske på plass. Rutinane og vanane snik seg inn, og det blir lenger og lenger mellom kultursjokk og overraskingar. Ein vanleg dag ser omtrent slik ut:

Kl. 07.45: Vakne. Litt seinare stå opp, for så å springe ned heisen. Det er litt irriterande når ein har dårleg tid; heisen gjeng ikkje noko fortare sjølv om ein hoppar aldri så mykje.

Kl 09.00 skal eg eigentleg vera på plass i spanskklassa mi i Miraflores. Det er eg som regel ikkje fordi:
A: Eg alltid er for seint ute av heisen (heisen sin feil!)
B: Taxisjåføren vel den lengste og mest trafikkerte ruta kvar gong eg har dårleg tid.
Eg tek som regel drosje til skulen. Det gjeng fortare enn combi, men kostar seks gonger så mykje - heile 12 kroner må eg punge ut med.

Kl. 11.00 har eg hatt gramatikkurs på språkskulen El Sol (biletet) i to timar i strekk. Det høyrest mykje ut, men gjeng veldig fort. Grunnen til det, er at det aldri er meir enn fem elevar i klassa, så ein får eit skravleforhold og ikkje noko strikt læreforhold til læraren. Akkurat no er me berre to elevar i klassa mi. Etter gramatikkurset har me kommunikasjonstime. Det betyr å skravle på spansk om peruanske tema. Og vips! så får ein innføring i peruansk kulturar, skikkar og ting ein bør gjera og absolutt ikkje bør gjera/seia. Kjekt å kunne.

Dei fleste elevane på skulen er frå USA, men det er ein del europearar òg. Det som er fint med skulen er at eg lærer spansk. Det som er dumt er at alle andre heller vil snakke engelsk enn å praktisere spansken. Eg har aldri snakka så mykje engelsk i Lima som det eg gjer når eg er i lag med folk frå spanskskulen.

Kl 13.00 er dagens obligatoriske aktivitet slutt, så her begyndar variasjonen. Eg har som regel to val:
1: Gå heim og eta lunsj.
2: Eta lunsj ute.
Av ein eller annan grunn foretrekker eg som regel det siste alternativet. Det har noko med at lunsj i Peru ikkje er brødskive med ost, men varm mat. No bur eg slik til at eg fint kan velje å eta brødskive med ost til lunsj om eg vil, men verken brødskiva eller osten er det same i Peru som i Noreg. Dessutan er det trivelegare å eta lunsj i lag med folk frå spanskklassa mi, sjølv om det betyr at eg må snakke meir engelsk. Når ein kan få torettars lunsj til 12 kroner, så er det ikkje så veldig vanskeleg val.

Klokka 14.30 har spanskskulen ettermiddagsprogram, som er heilt frivillig å vera med på. Det er alt frå bli-kjent-tur i byen, dansetimar eller kokkekurs. I dag var eg med på tur til Barrio China, eller Chinatown som det heiter på godt engelsk. Det var fint, me såg ei gate med kinesiske butikkar og restaurantar midt i Limas historiske sentrum. Som regel er eg ikkje med på det som skjer på ettermiddagen, men tek combien (foto) heim eller gjer ærend.

På kvelden skjer det ulike ting. I går, til dømes, sa me hadet til ei jente frå Mexico som reiste tilbake i dag. Andre kveldar gjeng me på kino (det kostar 14 kroner) eller gjere andre kveldsaktivitetar i lag med kjente (som det stadig blir fleire og fleire av!). Eller så har eg ein heilt fredeleg kveld heime på soffaen med ein kopp te og ei bok.

Når grønt blir raudt og raudt blir grønt

Peru er bakvendtland. Vatnet snurrar feil veg i når ein dreg ned i do eller trekker ut proppen, nord er varmt og sør er kaldt og dei godt vaksne spansklærarane mine har framleis innetid om kvelden heime hos mor og far. Trafikken er opptil fleire kapitel for seg sjølv. Denna venda skal de få høyre korleis grønt blir raudt.

At trafikken i Latin-Amerika ikkje gjeng for seg like ordna formar som i Noreg, er ikkje noko sjokerande bombe. Her er det om å gjera å koma fram så fort som mogleg. Den som får støytfangaren lengst fram i krysset har vunne, og kan køyre vidare, medan resten må stoppe.

Ljoskryss finst. Men skal ein manøvrere bil i ljoskryss er det viktig at ein kjenner til dei lokale skikkane.I resten av verden betyr raudt ljos som regel "stopp" og grønt ljos "køyr". Det er bestemt av FN. Men Peru er ikkje kjent for å følgje allmenne reglar og normer, heller ikkje når det gjeld trafikkreglar.

Det er eigentleg ikkje lov til å køyre med promille i Peru, men det skjer. Ganske ofte, desverre. Dei som køyrer med promille er som regel endå sløvare med å følgje reglane enn resten av dei gale bilistane. For eksempel blir stoppe-på-raudt-ljos-regelen ignorert i blandt.

Dei limanske bilistane, som er edru, har for lengst lært seg at bilar ofte køyrer på raudt, så dei bremsar godt ned når dei nærmar seg enkelte grøne ljos. Det hender til og med at dei stoppar. Sidan det blei ein vane å stoppe på grønt, så fant peruanarane ut at det var fritt fram å køyre gjennom lyskryssa på raudt, særleg på nattestid.

Dermed har raudt blitt grønt og grønt blitt raudt - stikk i strid med FNs vedtekter. Er det rart eg er meir bekymra for trafikkulykke enn å bli rana?

(Det fantastiske trafikkljoset på biletet er nok ikkje frå Lima, desverre)

Tannlegen i Peru...

...er ingen ting å frykte. Men han er opptatt av fotball (som absolutt alle andre òg). Heldigvis hadde han ingen pasient i stolen då Italia slo Tyskland, ellers hadde det nok gått gale.

Endeleg ute av kofferten

No er eg vel plasert i leiligheiten som skal vera heimen min det neste halve året. (Eg har lagt ut bilete før, men for dei som ikkje gidd å rulle ned sida for å sjå korleis eg bur, kan trykke her) Leiligheiten har akkurat den same standarden som det ser ut til på bileta. Med 24 timars portvakt og heis rett inn i stoga, badebasseng på taket og alle andre fasilitetar treng ein ikkje anstrenge seg det grann. Ja, bortsett frå det ikkje er oppvaskmaskin her, men noko må ein då klare sjølv!

For tida delar eg hus med tri andre. Even reiser snart tilbake til Bergen. Florian er frå Tyskland og for tida veldig engasjert i fotball-VM. Det er han ikkje aleine om, heile Lima snakkar om "el mundial", eller VM på godt norsk; i taxien, på gata, i gangen, i butikkane, på kafeane - overalt! Forresten er Florian glad i å lage mat, og må eta spagetti minst ein gong i veka. Den siste i leiligheiten er ei jente frå Korea som eg ikkje heit minnest kva heiter. Ho er ganske stille og held seg som regel på rommet sitt. Alle tri er i inspurten av semesteret og har derfor bastante arbeid å gjera.

På måndag startar spanskkurset mitt. Då skal endeleg eg òg få noko eg må. Kurset var dyrare en eg trudde, men det ser ut som standarden er høg, så eg trur det verdt dei 700 dollarane det kostar. Når eg har avslutta spanskkurset har eg store planar å reise til Brasil. Eg ser veldig fram til å helse på Diogo att!