Trehogst og marsvin til ære for Lorenzo



I Peru finst det eit utal helgnar. Alle har sjølvsagt sin eigen dag, og dei fleste blir feira, sjølv om ingen anar kven den heilage skapningen ein gong var eller kva han gjorde. Sundag var det dagen til den heilage Lorenzo, og i morgon (onsdag) tek heile Lima fri for å markere Santa Rosa. Som regel er dei største feiringane utanfor hovudstaden, men sidan folk i årevis har valfarta til Lima, blir det festivitas her óg - i noko mindre omfang.

Eg og Hanne blei invitert til ein fest organisert av folk frå ein landsby i nærleiken av Huancayo av Brando. Brando akkurat avslutta masterstudiet i geografi i Bergen og kome tilbake til gamlelandet. Me tok med oss Florian (min tyske sambuar) med frue og endå ein innfødt for å feire San Lorenzo i lag med eit hundretals kortvokste peruanarar. Festen kan oppsummerast i tri stikkord: matogdrikke, dansing og trehogst.

Matogdrikke går logisk nok ut på å eta og drikke. Eg smakte cuy (marsvin) for første gong i mitt liv. Det smaka peanøtt, fordi dyret blei servert med peanøttsaus. Drikking betyr øl, eller brus for dei som heller vil ha det. I Peru er det tradisjon å spare på glasa, derfor fekk me så mange flasker som me ville betale for og berre eit lite glas på deling.

Dansing. To orkester stod for musikken. I det eine orkesteret var trommer, trompet og tuba dei viktigaste instrumenta. Musikarane i det andre orkseteret trakterte harpe, saksofon og fele. Dansen i seg sjølv var ganske grei. Han gjekk ut på å småspringe rundt på ein haltande måte. Av og til i par, av og til i ring.

Trehogst. Etter å ha halta i takt ein times tid byrja folk å danse i ring rundt tri tre som var sett opp midt på plassen. Kvart tre var dekorert med dingsebomsar i alle moglege fasongar; ballongar, baljer, bøtter, spadar, handkle, og tepper var hengt opp i trekrona. Så kom øksa fram. Øksa blei svinga etter tur, og i det treet gjekk i bakken blei det overfalt av ivrige nevar som prøvde å sikre seg dekorasjonen. Dersom to personar treiv tak i same dekorasjonen kunne det ende i krangel, men det løyste seg alltid til slutt utan alt for mykje blodsøl. Den heldige personen som felte treet må punge ut for eit nytt eit til neste år.

Det var ein fin fest, men berre ein oppvarming til den skikkelege festen som skjer i sjølve landsbyen i september. Då er det ein heil skog av 20 tre å felle!

korrespondent

Denna veka har eg eit korrespondentbrev på trykk i den eminente studentavisa Studvest. Dei som ikkje kan få tak i papirutgåva kan lesa brevet mitt her.

Student? Ja visst.

Etter tri månader med sommarfeire og fjasing hadde eg nesten gløymt årsaken til at eg reiste til Lima, som utvekslingsSTUDENT. Det betyr å gå på universitetet, ta fag, finne fram på totalt framand campus, stå opp tidleg, få rutiner, kjøpe pensum, lesa pensum og ikkje minst forstå pensum.

Men studentlivet betyr òg å bli kjent med nye folk og få nye venner både frå Peru og resten av verden. La Catolica er ganske glad i utanlandske studentar, så i desse dagar ynglar det av forvirra asiatar, gringoar og utlendingar frå alle moglege nasjonar som kopar rundt og prøvar å finne forelesingssal, toalett, datamaskinar, informasjonskontoret for utlendingar, betalingsskranken, idrettskontoret og bokhandelen.

Dei utlandske studentane klyngar seg saman automatisk, og gjerne land for land. Japanarane ruslar i hop, amerikanarane har sin store gjeng, spanjolane bur i same hus, og eg har hengt dei siste dagane i lag med Hanne, som òg går på universitetet i Bergen. Det berre blei slik. Og sjølv om alle sammen er heilt fantastiske menneske, så har eg mest lyst til å bli kjent med peruanarar. Eg har lova meg sjølv å gjera ein innsats på det feltet i morgon.

La Catolica er eit stort universitet i ein romsleg campus, og med høg standard. Campus er sett i hop av fleire fakultet omringa av grøntområde, rosehagar, kaféar og blomster. Rundt om kring slappar studentane av på den velklypte plenen, eller dei slår seg ned på benkar som er satt opp langs dei hellelagte stiane som går mellom bygningane. I eine enden av campus er ein stor idretshall, der ein kan brenne kaloriar i treningsstudioet eller trene kva sport ein vil. Og i motsetning til doane på Ulrike Pihls hus (lesesalhuset for dei som ikkje studerar i Bergen), så doane på la Catolica utstyrt både med såpe og toalettpapir!

Undervisinga skjer i aulaer som liknar på klasserom. No har eg berre hatt ein time, så eg kan ikkje seia så mykje om undervisinga endå, men eg har eit godt førsteintrykk. Den første veka kan eg hoppe frå fag til fag som eg vil, for å finne ut kva eg synest er bra eller ikkje. Planen min er å ta to geografifag; eit som handlar om andinsk og amazonisk geografi og eit som handlar om populasjonen i Peru. I tillegg vil eg prøve å lære meg litt quechua, som er eit indianarspråk snakka av mellom 4 og 5 milionar peruanarar, og kanskje ta eit historiefag eller antropologifag som tek for seg peruansk og latin-amerikansk kultur. Me får sjå.

På 'an igjen


No har eg sagt hadet til Florianópolis, 42 krittkvite strendar, sol, varme, brasiliansk mat, samba, Diogo og heile den trivlege familien, til fordel for tåke, fuktigheit og regaton i kalde og støyete Lima.

Dei siste dagane i Brasil blei stort sett bruka til å reise til stranda og sjå på hus. Grunnen til at me såg på hus var at mor til Diogo kom for å leite etter ein framtidig bustad, no som faren er pensjonert og ungane flytta ut. Så saman med mora, Joana, ein onkel og kjærasten (dei hadde tidlegare plukka ut dei mest aktuelle) tråla me store og små hus på leit etter det perfekte huset, som viste seg å ligge tvers over vegen for ein slektning. Veldig fint hus, med ein eigar som kasterar kattanane for at dei skal bli meir humane i det neste livet. Poca loca la señora, men huset var lekkert.

Den seiste dagen fekk me til og med rusla litt. Eg, Diogo, kjærasten hans Liga (håpar det var rett skrive, uttalast i alle fall Lisja) ei vennine av Liga og fetter Paulo gjekk to timar gjennom jungel og stikkande kaktus før me endeleg kom fram til ei lekkersmekker sandstrand. Desverre var hadde me motvind uansett kvar me sette oss, så i staden for å bli fulle av vatn, så fekk me sandstorm i andletet kvart femte minutt. Eg var likevel strålande nøgd med litt rusling!

Ellers kan eg informere om at den brasilianske maten er veldig god, det er vanskeleg å danse samba, Sør-Brasil er ein annan verden enn andre delar av Latin-Amerika og at strendane rundt Florianópolis er vakre, men no for tida er vatnet kaldt.
I morgon er første dagen på universitetet. Eg gledar meg, eg.

Brazil (en español)


Viernes, temprano en la mañana, llegué a Florianópolis despues de 36 horas de viaje. Aqui en Florianópolis vive mi hermano (de intercambio) Diogo con su hermana Joana en un departamento cerca de su universidad.

Me gustó mucho ver Diogo de nuevo, y su familia que ya consco son muy buena gente. En el fin de semana fuimos yo, Diogo, Joana y un primo que se llama Paulo a una ciduad muy chica que se llama São Francisco do Sul. Allí encontré el abuelo de Diogo y Joana que tiene 94 años y vive en una casa grande en un jardin más grande. En la misma ciudad vive la abuela de Paulo en una casa vieja llena de un monton de cositas. Nosotros durmimos en una casa por la playa, pero no nadamos nada (estoy mentiendo - Paulo y Diogo entraron el agua) porque cuando llegamos a la playa el sol se había bajado y hico demasiado frio. En el alrededor de Florianópolis hay un monton de playas así que todavia hay oportunidades de nadar.

Los brasileros me parecen muy simpaticos, algeres y abiertas. Es dificil entender portuges porque hablan tan rapido y la pronunciación es diferente del castellano. Por suerte entienden cuando les pregunto en español. La problema viene cuando me responden porque yo no etiendo la respuesta. Con Diogo hablo muy poco noruego, es mejor hablar ingles así que nos etienden los otros con quienes estamos. Imaginate, ahora estoy hablando una mescla de noruego, ingles, español y portuges - estoy muy confundida.

Brasil

No har eg bytta land, og kome meg to timar nermare norsk tid. Halv sju fredags morgon køyrde semi-sengbussen (eg kunne velge mellom vanleg, semi-seng og sengebuss) over brua som knyter Florianópolis til fastlandet. Målet var endeleg nådd etter 36 timar dagar på reisefot.

Mitt første inntrykk av Brasil er at folka er varme, glade og hjelpsame. Folk eg spør om vegen kan ikkje engelsk, og poco spansk, men det gjere ingenting! Me snakkar kroppsspråk og "portuansk", så gjeng det bra. Bussjåføren - på bussen som eg ikkje skulle ta, følgte meg rundt heile terminalen for å vise meg kvar bussen min gjekk frå. I Saõ Paulo blei eg guida på metroen av ein triveleg familie, og på bussen til Florianópolis skravla eg halve vegen med ein gut frå Florianópolis som forklara alt eg ikkje visste at eg ikkje visste om Brasil. Derfor fekk eg ikkje sove så mykje som eg hadde venta den natta heller.

Det var veldig trivleg å møte Diogo att. Han bur i ein liten leiligheit i lag med søstera Joana ikkje så langt frå universitetet. Akkurat no bur onkelen og kjærasten òg i leiligheiten eit par dagar, og på onsdag kjem mor deires på besøk. Då blir det fullt hus!

I helga reiste me, eg, Diogo, Joana og Paulo - ein fetter, til ein liten by som heiter São Francisco do Sul. Der har Diogo og Joana ein eldgamal bestefar i ein stor hage, og Paulo har ei bestemor (på andre sida av familien) i eit eldgamalt hus overlessa med veggur og andre duppedittar. I tillegg har slekta til Diogo og Joana eit sommarhus like ved stranda. Der sov me, men me bada ikkje stort for me kom ikkje til stranda før sola hadde gått ned, og dagen etterpå var det kaldt. Det er vinter her, veit de.

Eg har vore så lur å ta med meg kamera utan ladar og minnekort til Brasil. Derfor har eg ingen bilete av bestefaren, bestemora, fiskarfestivalen som var i ein naboby eller av strandhuset, så de får klare dykk med eit kart over Brasil så lenge.

Til Brasil

Natt til torsdag reiser eg til Brasil! Referat frå reisa kjem så klart. Ønsk meg god tur :-)

Miercoles en la noche voy a Brazil. Claro que escribiré lo que pasa.