Virusinfeksjon og kommunevalg

Det er lenge sidan sist eg har lagt att nokre ord no. Det er to grunnar til det. For det første så er det mykje skulestress for tida. På torsdag trudde eg fram til i dag at eg skulle ha fire presentasjonar i tri ulike fag. No viser det seg at eg skal berre ha tri. I tillegg må eg innlevere to oppgåver på torsdag og ei oppgåve neste veke. I nete veke kjem og alle eksamenane på rullande band. Mucho estres...

Den andre grunnen til at eg ikkje har skrive stort er fordi datamaskina er dødssjuk. Halvdaud er vel eit meir passande ord, for no vil han ikkje starte ein gong. Det har også hindra progresjonen i framføringsførebuingsprosessen.

Så til noko som har skjedd i det siste; Det har vore kommunevalg. Vinnaren i Lima er den same som sist. Folk her har ein tendens til å stemme på folk dei veit kven er. Det er derfor dei har valgt ein expresident som køyrde landet rett inn i geriljakrig og konkurs for 20 år sidan. "Han gjer ikkje same feilen to gonger på rad, og alternativet støttar Chavez (huff)", seier folk og stemte expresidenten opp i førarsetet att. Me får sjå korleis det går.

Det lønner seg å stemme ved valget. Vis ikkje så får ein bot. Måten dei skal hindre at folk stemmer fleire gonger ved same val er å stappe pekefingaren på røystaren i fiolett blekk som ikkje går vekk med det første, til stor skrekk for alle jenter med velstelte neglar, og det er ein del. Derfor gjekk alle peruanarane rundt med fiolette langefingerneglar den siste veka.

Når det er valg så er det ikkje lov til å selje alkohol heile helga (valet er alltid på ein sundag). Det betyr ikkje at folk ikkje drikk alkohol. Peruanarane HAMSTRAR meir drikkevarer før valget enn før nyttårskvelden. Eg er bombesikker på at det hadde dei ikkje gjort dersom det faktsik var lov til å handle alkoholen. No, derimot, blir det nesten mafialiknande tilstander. Folk bankar på dører, ser seg mystisk rundt, ventar til politiet har køyrd forbi, så opnar døra seg og varene kjem fort ut.

døyande maskiner og 20 liter vatn

Eg har mykje å gjera for tida. I løpet av dei neste tri vekene har eg omtrent 14 ulike arbeid som skal innleverast og framførast, i tillegg til at dei avsluttande eksamenane nærmar seg. Og ikkje nok med det, så er datamaskina mi dødssjuk. Derfor brukar eg mi avgrensa tid på universitetets datamaskin på å oppdatere bloggen. Her prioriteraste det hardt, ser du.

Datamaskina mi blei alvorleg sjuk i går. Akkurat kva som feilar han er framleis uvisst, men det er ganske alvorleg. Det skjedde omtrent slik: Glad og fornøgd tasta eg i veg og var nesten ferdig med å skrive eit resumen frå ein gruleg kjedeleg tekst om bruken av quechua-alfabetet, då maskina brått slo seg av. Undrande slo eg han på att, og blei ganske skuffa då det viste seg at halve teksten min hadde fordufta, sjølv om eg hadde lagra i eit sett. Dermed sette eg i gong å reprodusere alt eg hadde skrive, men det varte ikkje lenge før manskina såg svart igjen. Eg derimot, såg berre raudt, slengte bøkane i veggen og marsjerte inn på badet. På badet var det ikkje så mykje å gjera, så då marsjerte eg ut att.

Då eg hadde roa meg littegrann og begynda å tenkje klart att, såg eg at Florian ikkje var heime. Flotters! Tenkte eg, då låner eg maskina hans (for det har han sagt at er ok). Men denna gongen hadde Florian tatt maskina med seg. Dermed bestemte eg meg for å returnere til senga. I god trav over kjøkkengolvet plumpa eg midt i 20 liter vatn som hadde, på veg i frå vaskemaskina, bomma på vasken og lagt seg utover kjøkkengolvet. Dermed blei eg våt på sokkane og begynda å koste opp att vatnet med ein nal og feiebrett. (Det viste seg å vera mykje meir effektivt enn den tradisjonelle kluten.) Det tok ganske lang tid, så det blei ikkje noko lang natt den natta heller.

Det var ikkje min kveld den kvelden. Håpar denna kvelden blir betre. No skal eg sjå å få avslutta quechua-alfabetteksten min.


(Ps. mor, far, Olav og andre som lurar på kva eg ynskjer meg til jol; tipset mitt er at dersom alle gjeng i hop og spleisar så ynskjer eg meg ei ny datamaskin)

Siste kapitell i mi og Guris reiseskildring

Stader besøkt: Nasca og Huacachina

Når: 12. - 13. november
Reisefølge: Signe og Guri og ein digeridoo som heiter Bimbiribau
Har opplevd: Småly, mumiar, mystiske figurar, sandbrett

Me kom til Nasca grytidleg, det vil seia klokka sju, søndags morgon. Der blei me igjen overfalt av seljekåte folk som skulle ha oss til å fly. Fly er big business i Nasca, for i frå lufta kan ein sjå ein heil haug av mystiske linjer i bakken forma som apekattar, ulike fuglar og kvalar. Nokre trur det er utanomjordiske skapningar som har laga linjene, andre trur dei blei laga av lokalbefolkinga i samband med sermoniar for å få vatn til det tørre landskapet.

Me hadde lyst til å fly, men lot oss ikkje freiste av overfallsmennane og -kvinnene, for eg hadde fått eit nummer av Florian. Me har ei felles venninne, og faren hennes har eit flyselskap i lag med fetteren. Dermed ringte me fetter Antonio og fekk spesialbehandling.

Fetter Antonio kjente og ein mann som guida turistar rundt i andre serverdigheitar i Nasca. Han tok oss med i ein eldgamal amerikansk bil (eg er ikkje den beste på merker og slikt) til ein gravplass. Der såg me 3000 år gamle mumiar glo tomt opp mot soloppgangen. Mange av dei hadde framleis hår og hud, men dei hadde blitt litt bleike med tida.

Neste stopp på turen var ein kjeramikkverkstad. Der følte eg eit visst kjøpepress, så eg kjøpte med meg litt kjeramikk. På verkstaden der dei gjorde fekk gull ut frå steinen som kom frå gruvene følte eg ikkje noko kjøpepress i det heile tatt. Der arbeidde åtte år gamle barn med kjemikaliar som kvikksølv utan anna sikkerheitsutstyr enn hanskar. Det såg trist ut.
Så sa me farvell til guiden med bilen, og sette oss på ein buss til Lima. Me kom oss aldri til Lima den dagen, for i Ica fant me ut at me hadde lyst til å prøve sandboarding. Dermed hoppa me fort av bussen og på ein taxi og kom oss til Huancachina - oasen som ein kan sjå på den peruanske femtilappen. For dei som hyppig les bloggen min, så veit de at eg har vore der før - i juli. No kom me tilbake, og gjorde akkurat det same; råna rundt i ørkenen med ein køyredoning, stod på sandbrett og slappa av ved bassengkanten.

No er eg tilbake i Lima. Guri sendte eg heim i går, ho er nok ikkje heilt framme i Bergen endå, så no startar kvardagen att. For dei som vil sjå bilete så kan dei finnast her

Flytande øyar og mange tissar

Stad: Puno - relativt usjarmerande by ved Titicacas bredder
Kom: fredag klokka halv seks om morgonen
Reiser: laurdag klokka halv fire
Har sett: Flytande øyer, faste øyer og tissar i ulike storleikar

Reisefølget på tri; Guri, ein sveitser som heiter Frank og meg sjølv kom trillande inn til Puno med ein Cruz del Sur-buss grytidleg fredagsmorgonen. På busstasjonen blei me overfalt. Me blei ikkje rana, men overfalt av ein mann som absolutt ville selje oss ein tur til nokre øyer på Titicacasjøen. Då me til slutt takka ja, hadde me halvanna time på å få plassert oss på eit hostel og jakte på mat. Det blei ikkje mykje søvn den dagen heller.

Turen var verdt det. Første stopp var ein haug flytande øyer. Dei hadde eit indiansk folkeslag laga for å sleppe unna dei slemme og krigerske Collaene for 600 år sidan. Collaene ville nemleg halde det første folkeslaget som slavar i gruvene sine. Dermed stakk dei til sjøss med sivbåtar, som dei seinare klarte å utvikle til flytande øyer (veldig kjapt forklart). No bur dei framleis der, og i tillegg til å drive med fiske, landbruk på fastlandet og oppdrett av sjøfugl, så tek dei i mot bataljonar med turistar kvar einaste dag. Eg ignorerte det-er-rart-å-springe-rundt-å-ta-bilete-av-rare-indianarfolk-i-lag-med-alle-dei-andre-gringoane-kjenlsa og knipsa i veg i hytt og gevær.

Etterpå gjekk turen vidare til ei anna øy. Den båtturen/søvnen tok to timar. På den andre øya var det bratt, terasselandbruk og mykje suvernirsal. Mennane som var ugifte sprang rundt med raude og kvite hetter, medan dei som var gifte hadde skifta til ei heilt raud hette.

Det som er kjekt med å reise slik i turgruppe er at ein møter er fleire folk som er på reisefot. I tillegg til sveitseren så blei me kjent med Emma (litt irsk, og litt frå ei øy i den engelske kanal). Ho hadde lest om eit fertilitetstempel ikkje langt unna Puno. Sjølv om ingen av oss har nokre store planar om å formere oss med det første, så måtte tempelet så klart undersøkast. Fertilitetstempelet var ein ruin med ein haug med steintissar inni. I midten var det ein ekstra stor tiss. Den satte damene som ikkje klarte å produsere ungar seg oppå og prøvde å tøme chicha (gjæra maisdrikk) ned i ein sprekk framfor. Dersom dei traff blei det unge. Me tok ikkje sjansen på å gjera det same (ein veit aldri med slike ting) - ikkje hadde me chicha eller cocablad heller, så det fekk halde med bilete. Dei blir lagt inn så fort eg kjem til den knirkete datamaskina mi i Lima.
Om eit par timar set me oss på bussen som tek oss til Nazca. Der håpar me på å sjå nokre mystiske linjer i bakken. Det betyr småfly!ç

Til slutt vil eg minne om at guri sine lesarar er mykje flinkare til å kommentere på bloggen enn det de er! Eg tørstar etter å vita kven som eigentleg les denna sida, og kva de synest om han...

I indianaranes fotspor

No er eg i Cuzco. Her blir eg verande i omtrent 5 timar til, før eg, Guri og ein sveitser som slengte seg med, set kursen oppover i høgdegradane til Puno og ein liten dam som folk driv og kallar Titicaca.

Ein ting er obligatorisk for alle som er i Cuzco; besøke Machu Pichu. Som dei gode turistane me er, så betalte me også ein himmelhøg sum for å køyre eit skranglete tog i fire timar heilt til den gamle incabyen. Det vil seia, me kom ikkje heilt fram med toget, for Machu Pichu ligg ganske langt oppe i ei li.

For å koma seg opp kan ein gjera to ting; stige dei 600 høgdemetrane(blei det sagt, eg holdt ikkje telling) til fots eller svinge seg opp med bussen. Guri ville ha god tid på toppen, så ho tok bussen, medan eg trassa regnver og steile bakkar og tok beina fatt. Det var tungt - tyngre enn vulkanklatringa i Guatemala, Ulriken på 45 minutt og elgjakt i Veggsfjellie kjentest det ut som. Det hadde eg sikkert berre godt av, for i Lima finst det mykje mat og heller lite fysisk aktivitet. Machu Pichu var uansett verdt både sveitten og myggstikka som har dekorert leggane mine. Foto derifrå kan sjåast neste veke.

Ellers så har fleire interesante fenomen blitt observert. For det første er turistar nærmast ein turistatraksjon i seg sjølv. Då eg klatra meg oppetter mot Machu Pichu, steg for steg, sveitt og tungpusta møtte eg ein haug med både peruanarar og turistar som hadde gjort seg ferdig med severdigheitane på toppen og var på veg ned. Men bilde ville dei ha; bilde seg sjølv saman med sliten, sveitt, tomatraud turist (meg). No har i alle fall seks peruanske kamera bilete av seg sjølv og sveitt nordmann. Dei kjem nok til å flire godt når filmane blir framkalla.

Det eit anna fenomen eg har oppdaga er at italienske pensjonistar ikkje har køkultur. Det fant me ut då me venta på bussen som skulle frakte oss ned att til toget. Ikkje berre var køen lang og me hadde dårleg tid. I tillegg var køen full av nemnde italienarar som var sure fordi me hadde tilfeldigvis stilt oss opp midt i gruppa deires. Omringa av italienske gamlingar på alle sider, som absolutt skulle koma først inn på bussen blei me nærmast blinde av paraplyar i augo, dytta ned trapper, skubba og puffa. Det er den raraste køen eg nokon gong har stått i. Eg kan fortelje at me rakk toget etter heftig springing.

Eit tredje observert fenomen er grisar på tak. Kvart einaste tak i Cuzco har to grisar og eit dekorert kors på taket, trudde me. Det viste seg at det ikkje var grisar i det heile tatt, men oksar. Dei er plassert der for å gje huset styrke og verne det mot vonde ting, som til dømes jordskjelv. Derfor har eg og Guri gått til innkjøp av to minivariantar av dessa grise-oksane som skal verne vårt krypinn i Torborg Nedreaasgate. I mangel av tak (bur i blokk) har me avgjort at dyra skal hengast på døra.

Til slutt vil eg minne om at Guri er på sama ferda som meg, og oppdaterer bloggen sin omtrent like ofte som meg. Hennes opplevingar kan lestast her

Huancavelica

Huancavelica er eit av dei aller fattigaste områda i Peru og ligg langt oppe i Andesfjella, på godt over 4000 meter over havet. Det var derfor eit eigna reisemål for kurset Andinsk og Amazonisk geografi, synest professor Nicole Bernex.

Derfor forlot eg Guri mutters aleine i Lima og sette meg på den skranglutaste bussen eg har køyrd på lenge. Og den køyrde me lenge; 12 timar tok turen oppover i fjellheimen. Guri sendte eg på danseshow og strandtur med nokre av vennene mine, som ledd i den store overleve-i-framand-by-med-rart-språk-testen. Korleis det gjekk kan lesast på bloggen hennes.

Eg tenkte på fleire songar gjennom turen. Først "hompetitta" me oss oppetter dårlege vegar, forbi den tiande mest ureina byen i heile verden, før me endeleg kom fram. Den ureina byen var ein gruveby, så klart. Me skulle óg vitje ei gruve - Julcani, men den var mykje mindre og låg mykje lenger vekk frå sivilisasjonen, så då blei det hompetitten i tri nye timar. På gruveområdet blei me gjort skikkeleg stas på; me fekk firerettars lunsj, trirettars middag, caps og gratis minibuss. Så var det "hei hå hei hå, til arbeid skal vi gå", og inn i gruva bar det. Jentene fekk eigentleg ikkje lov til å gå inn i gruva, for det betyr ulykke, men så lempa dei på overtrua og slepte oss inn likevel.

Eg som i utgangspunktet var veldig skeptisk til gruvedrift har forstått at det betyr ikkje berre ureining. Tvert i mot; denna gruva hadde nøye kontroll med vatnet som rann ut, arbeidarane arbeidde ikkje meir enn 8 timar dagen og dei organiserte ei rekkje aktivitetar for familiane til arbeidarane óg. Som tildømes arrangerement av datakurs, handverkarverkstad (som no har blitt ei heil lita bedrift) og skule for barna.

Me vitja og eit aureoppdrettsanlegg. Der laga dei aure som dei eksporterte blant anna til dei største supermarknadene i Lima og til Noreg. 90 % av dei tilsette er lokale kvinner og anlegget hadde god omsetning. Det verka som eit kjempeprosjekt! Bortsett frå at det er dumt å eta peruansk aure i Noreg, dersom norsk aure er å få tak i. Eg får vel heller handle så mykje fisk som mogleg så lenge eg er her til lands.

Eg skal lova at det er "friskt og lett oppå fjellet, oppå fjellet" når ein er 4000 meter over havet. Dermed blei det både "OL-floking" og "hode, skulder, kne og tå" for å halde varmen.

I skrivande stund har eg og Guri (ho overlevde testen, kan eg røpe) kome oss til Cusco. Derfor har eg ikkje så mange bilete å publisere akkurat her. Men tek de turen innom mitt rom, så kan de sjå på bilete både frå Piura og frå Huancavelica.

I morgon skal me sjå på gamle steinar i formasjon på ein fjelltopp, betre kjent som Machu Pichu. Det blir stas.

Tur 1: Grensekryssing

Eg er i farta for tida. Det betyr underskot på søvn, mykje å skrive om men lite tid å skrive på. No har eg ei farte-pause på ca 1 dag, så no kan det sovast og skrivast. Eg har lova skrive om traumatiske grensestasjonar, korrupsjon, mototaxi, Stillehavet og besøk, så no er det berre å sette seg godt til rette og la augo rulle seg nedover sida.

Siste torsdag i oktober sette grenseforvaltningsklassa kursen mot Piura. Det tok 14 timar i buss, men det gjorde ingen ting, for på bussen var det både middagsservering, karaoke og bingo. Eg vant nesten bingoen. Piura er det nest nordlegaste fylket i landet og grensar til Ecuador. Strålande høve til å få stempel i passet og fornya turistvisum, tenkte eg og medeuropear Inma.

Første dagen kom me oss ikkje over grensa. I staden kom me til ein slags landbruksskule. Piura er nemleg fylket med det mest produktive landbruket, sjølv om det er så tørt at dei trihjula taxisyklane brukar det tørre elveleiet som ferdselsåre. På landbruksskulen hadde dei blandt anna kalkun- og meitemakkoppdrett som studentprosjekt og den største grisen eg nokon gong har sett. Seinare såg me på ein dam og eit vasskraftverk, men det gidd eg ikkje skrive noko meir om her.

Dag to var grensekryssedagen. Hovudgrensa er for pingler, meinte professoren, og derfor køyrde me i timesvis på humpete vegar forbi dei tørraste skogane eg har sett. Det var så tørt at trea manga lauv. Vegen var ikkje veg heile tida heller, for då uveret "el niño" kom i 1998 blei han skylt vekk her og der, og det har ikkje blitt ordna endå (den som meinar at vegane i Vest-Telemark er hompete har til gode å køyre i Peru). Me kom oss fram til slutt likevel.

Grensa er ei bru over ei elv. Oppå brua kryssar alle lovlege varer og under brua kryssar alle ulovlege varer, som til dømes bensin. Folk svømte under brua med 12 tønner bensin på slep, medan grensevakta stod oppå brua og drakk kaffe og såg "ingen ting".

Å få utreisestempel frå Peru og innreisestempel i Ecuador var ikkje noko vanskeleg i det heile tatt. Problemet er at regalne seier at ein må vera ute av landet i minst 24 timar før ein kan returnere. Me forklarte at me berre kom til å vera der eit par timar og grensevakta sa at det skulle gå greit. Det gjorde det ikkje.

Då me kom tilbake etter å ha intervjua nokre handelsfolk i ein by på Ecuador si side, sa grensevakta at me ikkje kunne krysse grensa. Han hadde sine reglar å følgje, så me kunne nok ikkje krysse grensa før klokka seks (og då var han snill, då!). Professor Zaniel begynda å småsveitte litt, for han måtte sjå til at delar av klassa kom seg på bingo-bussen til Lima klokka halv seks. Ikkje ville grensevakta ordne det for litt "ekstra" ein gong. Dermed blei Miguel utpekt som frivillig til å halde meg og Inma med selskap og sjå til at me kom oss like heile tilbake til Piura.
Etter mykje om og men, vent-litt-til-beskjedar, fleire rudnar sjakk og backgammon fekk me eindeleg lov til å reise inn i Peru på lovleg vis. Etter å ha tatt fire andre vanelge taxiar på fire hjul, ein buss og ein mototaxi på tri kom me endeleg fram til ein bitteliten kystby med eit hostell på stranda. Der venta resten på oss, og der bada eg i Stillehavet. Stillehavet er omtrent som alle andre hav; vått og salt og eg blei forkjøla, men det er i det minste Stillehavet, så det var verdt det.

Måndags morgon var eg tilbake Lima. Måndags kveld kom Guri. Det blir neste kapittel.