Huancavelica
Huancavelica er eit av dei aller fattigaste områda i Peru og ligg langt oppe i Andesfjella, på godt over 4000 meter over havet. Det var derfor eit eigna reisemål for kurset Andinsk og Amazonisk geografi, synest professor Nicole Bernex.
Derfor forlot eg Guri mutters aleine i Lima og sette meg på den skranglutaste bussen eg har køyrd på lenge. Og den køyrde me lenge; 12 timar tok turen oppover i fjellheimen. Guri sendte eg på danseshow og strandtur med nokre av vennene mine, som ledd i den store overleve-i-framand-by-med-rart-språk-testen. Korleis det gjekk kan lesast på bloggen hennes.
Eg tenkte på fleire songar gjennom turen. Først "hompetitta" me oss oppetter dårlege vegar, forbi den tiande mest ureina byen i heile verden, før me endeleg kom fram. Den ureina byen var ein gruveby, så klart. Me skulle óg vitje ei gruve - Julcani, men den var mykje mindre og låg mykje lenger vekk frå sivilisasjonen, så då blei det hompetitten i tri nye timar. På gruveområdet blei me gjort skikkeleg stas på; me fekk firerettars lunsj, trirettars middag, caps og gratis minibuss. Så var det "hei hå hei hå, til arbeid skal vi gå", og inn i gruva bar det. Jentene fekk eigentleg ikkje lov til å gå inn i gruva, for det betyr ulykke, men så lempa dei på overtrua og slepte oss inn likevel.
Eg som i utgangspunktet var veldig skeptisk til gruvedrift har forstått at det betyr ikkje berre ureining. Tvert i mot; denna gruva hadde nøye kontroll med vatnet som rann ut, arbeidarane arbeidde ikkje meir enn 8 timar dagen og dei organiserte ei rekkje aktivitetar for familiane til arbeidarane óg. Som tildømes arrangerement av datakurs, handverkarverkstad (som no har blitt ei heil lita bedrift) og skule for barna.
Me vitja og eit aureoppdrettsanlegg. Der laga dei aure som dei eksporterte blant anna til dei største supermarknadene i Lima og til Noreg. 90 % av dei tilsette er lokale kvinner og anlegget hadde god omsetning. Det verka som eit kjempeprosjekt! Bortsett frå at det er dumt å eta peruansk aure i Noreg, dersom norsk aure er å få tak i. Eg får vel heller handle så mykje fisk som mogleg så lenge eg er her til lands.
Eg skal lova at det er "friskt og lett oppå fjellet, oppå fjellet" når ein er 4000 meter over havet. Dermed blei det både "OL-floking" og "hode, skulder, kne og tå" for å halde varmen.
I skrivande stund har eg og Guri (ho overlevde testen, kan eg røpe) kome oss til Cusco. Derfor har eg ikkje så mange bilete å publisere akkurat her. Men tek de turen innom mitt rom, så kan de sjå på bilete både frå Piura og frå Huancavelica.
I morgon skal me sjå på gamle steinar i formasjon på ein fjelltopp, betre kjent som Machu Pichu. Det blir stas.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar