Tur 1: Grensekryssing
Eg er i farta for tida. Det betyr underskot på søvn, mykje å skrive om men lite tid å skrive på. No har eg ei farte-pause på ca 1 dag, så no kan det sovast og skrivast. Eg har lova skrive om traumatiske grensestasjonar, korrupsjon, mototaxi, Stillehavet og besøk, så no er det berre å sette seg godt til rette og la augo rulle seg nedover sida.
Siste torsdag i oktober sette grenseforvaltningsklassa kursen mot Piura. Det tok 14 timar i buss, men det gjorde ingen ting, for på bussen var det både middagsservering, karaoke og bingo. Eg vant nesten bingoen. Piura er det nest nordlegaste fylket i landet og grensar til Ecuador. Strålande høve til å få stempel i passet og fornya turistvisum, tenkte eg og medeuropear Inma.
Første dagen kom me oss ikkje over grensa. I staden kom me til ein slags landbruksskule. Piura er nemleg fylket med det mest produktive landbruket, sjølv om det er så tørt at dei trihjula taxisyklane brukar det tørre elveleiet som ferdselsåre. På landbruksskulen hadde dei blandt anna kalkun- og meit
emakkoppdrett som studentprosjekt og den største grisen eg nokon gong har sett. Seinare såg me på ein dam og eit vasskraftverk, men det gidd eg ikkje skrive noko meir om her.
emakkoppdrett som studentprosjekt og den største grisen eg nokon gong har sett. Seinare såg me på ein dam og eit vasskraftverk, men det gidd eg ikkje skrive noko meir om her.Dag to var grensekryssedagen. Hovudgrensa er for pingler, meinte professoren, og derfor køyrde me i timesvis på humpete vegar forbi dei tørraste skogane eg har sett. Det var så tørt at trea manga lauv. Vegen var ikkje veg heile tida heller, for då uveret "el niño" kom i 1998 blei han skylt vekk her og der, og det har ikkje blitt ordna endå (den som meinar at vegane i Vest-Telemark er hompete har til gode å køyre i Peru). Me kom oss fram til slutt likevel.
Grensa er ei bru over ei elv. Oppå brua kryssar alle lovlege varer og under brua
kryssar alle ulovlege varer, som til dømes bensin. Folk svømte under brua med 12 tønner bensin på slep, medan grensevakta stod oppå brua og drakk kaffe og såg "ingen ting".
kryssar alle ulovlege varer, som til dømes bensin. Folk svømte under brua med 12 tønner bensin på slep, medan grensevakta stod oppå brua og drakk kaffe og såg "ingen ting".Å få utreisestempel frå Peru og innreisestempel i Ecuador var ikkje noko vanskeleg i det heile tatt. Problemet er at regalne seier at ein må vera ute av landet i minst 24 timar før ein kan returnere. Me forklarte at me berre kom til å vera der eit par timar og grensevakta sa at det skulle gå greit. Det gjorde det ikkje.
Då me kom tilbake etter å ha intervjua nokre handelsfolk i ein by på Ecuador si side, sa grensevakta at me ikkje kunne krysse grensa. Han hadde sine reglar å følgje, så me kunne nok ikkje krysse grensa før klokka seks (og då var han snill, då!). Professor Zaniel begynda å småsveitte litt, for han måtte sjå til at delar av klassa kom seg på bingo-bussen til Lima klokka halv seks. Ikkje ville grensevakta ordne det for litt "ekstra" ein gong. Dermed blei Miguel utpekt som frivillig til å halde meg og Inma med selskap og sjå til at me kom oss like heile tilbake til Piura.
Etter mykje om og me
n, vent-litt-til-beskjedar, fleire rudnar sjakk og backgammon fekk me eindeleg lov til å reise inn i Peru på lovleg vis. Etter å ha tatt fire andre vanelge taxiar på fire hjul, ein buss og ein mototaxi på tri kom me endeleg fram til ein bitteliten kystby med eit hostell på stranda. Der venta resten på oss, og der bada eg i Stillehavet. Stillehavet er omtrent som alle andre hav; vått og salt og eg blei forkjøla, men det er i det minste Stillehavet, så det var verdt det.
n, vent-litt-til-beskjedar, fleire rudnar sjakk og backgammon fekk me eindeleg lov til å reise inn i Peru på lovleg vis. Etter å ha tatt fire andre vanelge taxiar på fire hjul, ein buss og ein mototaxi på tri kom me endeleg fram til ein bitteliten kystby med eit hostell på stranda. Der venta resten på oss, og der bada eg i Stillehavet. Stillehavet er omtrent som alle andre hav; vått og salt og eg blei forkjøla, men det er i det minste Stillehavet, så det var verdt det. Måndags morgon var eg tilbake Lima. Måndags kveld kom Guri. Det blir neste kapittel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar