Siste kapitell i mi og Guris reiseskildring
Stader besøkt: Nasca og Huacachina
Når: 12. - 13. november
Reisefølge: Signe og Guri og ein digeridoo som heiter Bimbiribau
Har opplevd: Småly, mumiar, mystiske figurar, sandbrett
Me kom til Nasca grytidleg, det vil seia klokka sju, søndags morgon. Der blei me igjen overfalt av seljekåte folk som skulle ha oss til å fly. Fly er big business i Nasca, for i frå lufta kan ein sjå ein heil haug av mystiske linjer i bakken forma som apekattar, ulike fuglar og kvalar. Nokre trur det er utanomjordiske skapningar som har laga linjene, andre trur dei blei laga av lokalbefolkinga i samband med sermoniar for å få vatn til det tørre landskapet.
Me hadde lyst ti
l å fly, men lot oss ikkje freiste av overfallsmennane og -kvinnene, for eg hadde fått eit nummer av Florian. Me har ei felles venninne, og faren hennes har eit flyselskap i lag med fetteren. Dermed ringte me fetter Antonio og fekk spesialbehandling.

Fetter Antonio kjente og ein mann som guida turistar rundt i andre serverdigheitar i Nasca. Han tok oss med i ein eldgamal amerikansk bil (eg er ikkje den beste på merker og slikt) til ein gravplass. Der såg me 3000 år gamle mumiar glo tomt opp mot soloppgangen. Mange av dei hadde framleis hår og hud, men dei hadde blitt litt bleike med tida.
Neste stopp på turen var ein kjeramikkverkstad. Der følte eg eit visst kjøpepress, så eg kjøpte med meg litt kjeramikk. På verkstaden der dei gjorde fekk gull ut frå steinen som kom frå gruvene følte eg ikkje noko kjøpepress i det heile t
att. Der arbeidde åtte år gamle barn med kjemikaliar som kvikksølv utan anna sikkerheitsutstyr enn hanskar. Det såg trist ut.

Så sa me farvell til guiden med bilen, og sette oss på ein buss til Lima. Me kom oss aldri til Lima den dagen, for i Ica fant me ut at me hadde lyst til å prøve sandboarding. Dermed hoppa me fort av bussen og på ein taxi og kom oss til Huancachina - oasen som ein kan sjå på den peruanske femtilappen. For dei som hyppig les bloggen min, så veit de at eg har vore der før - i juli. No kom me tilbake, og gjorde akkurat det same; råna rundt i ørkenen med ein køyredoning, stod på sandbrett og slappa av ved bassengkanten.
No er eg tilbake i Lima. Guri sendte eg heim i går, ho er nok ikkje heilt framme i Bergen endå, så no startar kvardagen att. For dei som vil sjå bilete så kan dei finnast her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar